• (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Olaf Andreas Svanøe (Opphavsrett)

Båttransport på høgfjellet

Frakta over Ustevatnet og vestover vart administrert av Erik Tufte frå Ustedalen. Han fekk tilnamnet «Admiralen», ettersom han var sjefen for all ferjetransport. Han hadde brygge, og lasta om bord i lorja si ved Ustaoset tidleg på morgonen, og var det god austavind sette han eit bjørketre i stemna og sto sjølv bak i båten og styra med ei lang åre.

I anleggstida var det nokre somrar to jekter i drift for å frakta anleggsarbeidarar og funksjonærar vestover på ein rask og enkel måte. På Haugastøl var det brygge, og ingeniøren som hadde strekninga herfrå til Ustaoset frå 1904 til 1906, og frå Finse til Tunga frå 1906 til 1907, ingeniør Sigvard Heber, brukte jægta si så ofte han kunne. Flisgutten hans, ein nordlending, var ein dugande seglar, og dei hadde aldri uhell. Båtane, ei Arendalsjægte og ei Hardangerjægte, var i bruk heile sommaren, og ein av ingeniørane som var her fleire år, John Landstad, hadde ein seglbåt i lerret som han brukte åleine. Anleggsdoktor Alm, som budde på Finse, hadde god bruk for båtane. Hans strekning var frå Haugastøl til Hallingskeid, og vegen var både humpete og steinete å gå eller køyra med hest og vogn. Her oppe er det for det meste vestavind, som gjorde at ein ofte måtte ro heim om ein segla austover, noko Sigvard Heber ofte gjorde.

Share to