• Photo: måleri av I.C. Dahl. (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Bukken - Gjestgjevarstaden midt i hovudleia

Bukken ligg i Raunefjorden mellom Lerøy og Bjelkarøy, på ei av dei små øyane i Bukkasundet; midt i hovudleia mot nord. Alt på 1600-talet var Bukken ein av dei sentrale gjestgjevarstadene ved innseglinga til Bergen.

Konkurranse med Godøysund

Dei første åra av 1700-talet var det biskopen i Bergen, Nils Smed, som åtte staden. Sjølv budde han i byen. Seinare busette dei fleste eigarane seg på gjestgjevarstaden. Mellom desse var Cornelius Pettersen som kjøpte Bukken i 1793, og Jacob von Krogh, som overtok i 1800.

På denne tida var det ein viss konkurranse mellom Bukken og Godøysund i Tysnes. Hardingane og folk frå Sunnhordland heldt seg mest til Godøysund, medan reisande frå Midthordlandsbygdene i større grad nytta Bukken. Skulle ein sørover hovudleia gjennom Austevoll og Fitjar, måtte ein gjerne liggja i Bukken og venta på bør, før ein la ut på det harde fjordstykket over Korsfjorden.

Landhandel frå 1849

I 1811 kjøpte Bertil Olai Wilhelmseen gjestgjevarstaden i Bukken, og denne slekta dreiv staden heilt fram til 1897. Det var i denne tida, i 1849, at gjestgjevarstaden vart utvida til landhandel. Handelen i Bukken tok slutt i 1901, og gjestgjevarstaden vart nedlagd få år seinare. Den nye dampskipsleia gjekk utanom Bukken.

Freda kulturminne

I dag er staden freda og i god stand. Hovudbygningen representerer byggeskikken i byen kring hundreårsskiftet 1800, likeins sjøbua med den opne svalgangen, og «skjenkestuen». «Folkestuen», for rorskarane og bygdefolket, er riven i dag.


 

Share to