• (Opphavsrett)

Ein kysseautomat!

Protokollen er truleg skapt av dei tyske myndigheitene uner andre verdskrig. Hovudinnhaldet i den svarta boka omtaler, slik vi forstår det, sivilarbeidarar som arbeidde for den halvoffentlege organisasjonen Todt på eller rundt Bud under andre verdskrig. I denne protokollen finn vi lister over namn og yrke på både tyske, russiske og norske arbeidarar.

Ei av listene skil seg ut. Lista er ført for seg sjølv langt bak i protokollen, og den er ikkje ført av same person som har skrive dei andre listene. Lista er handskriven, og inneheld norske jentenamn. Ikkje berre får vi opplyst namna på desse jentene, men også alder, adresse og yrke. Alderen på jentene er mellom 16 og 30 år. Noko som gjorde lista til eit blikkfang var at ein får vite at ei av jentene har ”kysseautomat” som yrke.

Dette kan altså vere ei liste over såkalla ”tyskertøser”. Namna kan ha blitt ført inn som følgje av at kvinnene blei fengsla i maidagane 1945. Jentene kan deretter ha blitt plassert på Hustad leir saman med andre som hadde blitt skulda for landssvik. Ei anna moglegheit er at personen som overtok denne noko spesielle protokollen ville at alle for ettertida skulle vite kven det var som hadde eit intimt forhold til tyskarane.

Heilt sikker på at dette er ei liste som omtalar tyskarjenter kan vi ikkje vere, men det er lett å tenkje seg det sidan vi veit at mange jenter vart internert på Hustad leir i kjølvatnet etter andre verdskrig. Nettopp slike funn understrekar kor viktig diskusjonane rundt vår historieskaping er, då ein i det siste har fokusert svært mykje på motstandskampen og dei mannlege heltane. I dei kommunale arkiva trer både kvinner og menn fram. Både dei som blei straffa for sine handlingar og dei som blei hylla.

Ønskjer ein å tileigne seg eit meir komplekst og samansett bilete av den norske historia, vil eit djupdykk inn i arkiva sine skattkammer kunne gje eit meir nyansert bilete av samtida etter andre verdskrig.
 

Share to