• Photo: Kristin Berg Olsen (Opphavsrett)
  • Photo: strekteikning av Nils Georg Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Gullbrå

Klyngjetun

På slutten av 1700-talet var det vorte fleire sjølveigarar på Gullbrå, og tidleg på 1800-talet åtte alle brukarane gardane sine sjølve. Då hadde gard-delinga utvikla seg steg for steg til eit klyngjetun, og dette stod ved lag heilt til utskiftinga i 1957. I 1959 vart Gullbrå-tunet registrert og oppmålt, slik at vi har god dokumentasjon om dette uvanleg interessante tunet. I dag er dei fleste av bygningane som framleis stod i 1957, borte eller ombygde, men enno står det bygningar frå det gamle tunet.

Høge steinmurar

Husa på bruk nr. 3 er bygde i hop av ei stove på høg kjellar, «Steinstovo», og ei tradisjonell grindverksløe. Behovet for å kunna gå innanhuses mellom bustadhuset, løa og floren, er lett å forstå når ein tenkjer på dei tunge snøvintrane i denne fjelldalen. Høge steinmurar og svære kantstilte steinheller som verna husa innanfor, har vore nødvendige når snøen låg meterhøg i tunet. Skikken med å ha husdyr i kjellaren under stova, for å utnytta varmen frå husdyra, kjenner vi også frå andre snørike regionar.
 

Share to