• Photo: Leif Inge Åstveit
    (Copyright)
  • Photo: Leif Inge Åstveit
    (Copyright)
  • Photo: Leif Inge Åstveit
    (Copyright)
  • Photo: Leif Inge Åstveit
    (Copyright)
  • Photo: Leif Inge Åstveit
    (Copyright)
  • Photo: Leif Inge Åstveit
    (Copyright)

Hamnsundhellaren i Haram - jaktbu, smie og gravplass?

Hole som arkeologisk og geologisk arkiv

Det som er spesielt med holer og hellarar, er at det er sers gode bevaringsforhold i mange av dei. Det er mørkt og kjølig, slik at organisk materiale kan halde seg i fleire tusen år utan å verte øydelagt. Dyrebein, frø og pollen frå plantar og trer kan fortelje om klima og fauna langt tilbake i tid. Arkeologane finn også mykje meir bein og skjell enn kva tilfellet er på andre forhistoriske buplassar, både fordi desse vert liggande opne for vêr og vind når dei vert liggande øyde, men og eit generelt surt jordsmonn i Noreg.

Dei arkeologiske utgravingane

Då Reusch og Lorange vitja Hamnsundhellaren på slutten av 1800-talet, fann dei kulturlag med måltidsrestar som fiskebein, i tillegg til beinreiskap som pren, nål og spydspiss, nokre jarnnaglar og stykke keramikk frå eldre jernalder. Dette er vanlege gjenstandar å finne i hellarar, men dei færraste arkeologar trur i dag at dette er restar etter folk som har budd fast i hellarane, og myta om "holebuaren" bør vel snart avskrivast. Ein ser i staden for seg at dei har vore brukt til kortare opphald, som til dømes når ein har jakta og fiska i området. Enkelte stadar finn ein også døme på at hellarane har vore nytte som seter heilt tilbake til bronsealder.

I Hamnsundhellaren vart det og funne skjelettdelar frå eit menneske, som i seinare tid er datert ved C14-metoden til å vere 2000 år gammalt. Ein kan spørja seg kva eit menneskeskjelett gjer i Hamnsundhellaren, men undersøkingar andre stadar i Noreg, syner at gravlegging på slike stader ikkje er uvanleg. I den uframkommelege Stensvikhola på Averøy har ein funne 8-10 menneske gravlagd, og i Bjønnhellaren i Aure vart det til og med funne ei skjelettgrav frå steinalder, der ein seks år gamal gut hadde fått med seg to økser og ein beinharpun som gravgåve.

Nyare utgravingar - funn av jarnframstilling og smie?

I 1992 var det ny arkeologisk utgraving. Hamnsundhellaren skulle undersøkast av geologar som skulle grave ei 40 meter lang og opptil 15 meter djup sjakt, og for å sikre det arkeologiske materialet vart det gjennomført ei utgraving. Denne gongen vart det funne gjenstandar som er knytt til framstilling og smiing av jarn. Slagg vert danna når ein framstiller jarn, og det vart funne deler av både smeltediglar, brent leire og ovnsforing.

Ein kjenner og til mange hellarar som har smie-namn knytt til seg, til dømes Smedhellaren på Rønstad på Lepsøy. Ein hellar gjev fint ly for slike aktivitetar som det er knytt stor brannfare til, men skriftlege kjelder frå norrøn tid fortel og om spesielle krefter knytt til smiing. At ein har brukt hellarane til jarnframstilling og smiing, i god avstand til garden, har truleg vore ein kombinasjon av reell brannfare, men kan hende og av frykt for dei overnaturlege kreftene ein trudde vart sett i sving når metallgjenstandane vart laga.

Geologisk hole-forsking

Hamnsundhellaren er danna av bølgjeaktivitet i ei tid då havet sto om lag 60 meter høgare enn i dag, under siste istid. Det som gjer Hamsundhellaren interessant for geologar, er at ein her har funne spor etter ein varmeperiode for 30 000 år sidan, då store delar av Noreg framleis var dekka av is. Under desse isfrie mellomstadia (inter-stadialar) kunne dyr og plantar leve her ute ved kysten. Dyre-og planterestar ein har funne djupt nede i grus- og leirelaga i hellarbotnen, kan altså fortelje forskarane om klima og fauna for 30 000 år sidan.

Besøk i Hamnsundhellaren

Eit besøk i Hamnsundhellaren kan anbefalast alle, og det er tilrettelagt med parkering og fin tursti. Oppe ved hellaropninga finn ein meir informasjon om både dei geologiske og arkeologiske undersøkingane, og ein kan nyte den storslagne utsikta mot havet i vest.

Share to