• Photo: Elizabeth Warren (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Gravfelt i Etne

Kystrøysar

Kystrøysane, som er så vanlege langs leia lenger ute, finst òg i Etne, men dei er ikkje mange. Dei finst, som ein kan venta, i ytre strøk, langs strendene ved Nervik og Byrkjenes, og er vende mot sjøen. Det har vore spekulert mykje over kva slags folk det var som vart lagde til kvile på slike stader. Noko sikkert svar har vi ikkje.

Graver på dyrka mark

Men når vi kjem inn til Etnepollen og bygda innanfor, er det eit heilt anna miljø vi møter. Her ligg haugar og røysar til dyrka mark, ofte ved åkerkanten eller i sjølve åkeren. Dette er bonden sine gravminne, anten dei høyrer til eldste bronsealder eller yngste jernalder. Det finst som einskilde, spreidde gravminne eller i klyngjer. Somme gonger ligg det så mange attmed kvarandre at ein kan tala om gravfelt.

Gravfelt

I Etne har det vore fleire slike gravfelt, to av dei særs store. På den vide terrassen der Støle, Sørheim og Austrheim ligg, har det vore minst 100 stykke. Ei ruvande rekkje av store jordhaugar har lege ytst på terrassebrotet som vender mot Etnebygda. Nokre av dei finst framleis. Fleire av haugane på terrassebrotet er granska og har gjeve funn frå bronsealderen.

Støle og Sørheimsmoen

Dei fleste gravminna på Støle og på Sørheimsmoen er likevel yngre. Langs vegen som fører over terrassen innover i bygda, finst framleis fleire store haugar frå jernalderen og nokre steinringar med branngraver frå tida like før Kr.f.

Grindheim og Rygg

Det andre store gravfeltet i bygda har lege på Grindheim og Rygg, der det enno finst att ein del haugar og røysar, men her har vore minst 250 stykke.

Ei av dei rikaste fornminnebygder

Gravhaugane høyrer, saman med helleristningane, til dei mest karakteristiske kulturminna vi har frå førhistorisk tid. Begge grupper er godt representerte i Etne som markerer seg som ei av dei rikaste fornminnebygdene i Hordaland.

Share to