• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Martin Linge

Martin Linge, fødd på Linge i Norddal, var ein av dei mest vidgjetne nordmenn i 2. verdskrigen Han vart eit symbol for norsk fridomskamp.

Krigshelten frå Negarden

Martin Jensson Linge vart fødd 11.12. 1894 på Negarden på Linge, i Norddal kommune. Han var yngst i ein syskenflokk på 12. På Linge fekk han inntrykk som prega han livet igjennom. Fjorden og den ville fjellheimen gav gode vilkår for friluftsliv. Han symde den breie Norddalsfjorden, og ein sommar padla han ein liten kajakk frå Bergen til Ålesund. Foreldra flytta til Slinningen ved Ålesund då Martin var 8 år. Men han var knytt til barndomsbygda og heldt seg mykje der til 14 års alderen, også seinare i livet besøkte han ofte Linge.

17 år gammal tok han underoffisersskule i Trondheim, seinare Katedralskule, og stakk seg ut ved å halde på nynorsk. Det einaste han kunne tenkje seg å bli var skodespelar, sjømann eller bonde. Han åtte eit ekte skodespelartalent og slo inn på den vegen, og debuterte på Centralteateret 1921 som Nils Stenssøn i Fru Inger til Østraat. Han var også på Det Norske Teateret og Nationaltheateret, og med i fleire filmar. Han gifte seg med Margit Vogt og dei fekk to barn.

Han såg tidleg at det kom til å bll krig i  Europa. Heile vinteren 1940 stod ryggsekken ferdigpakka, og ved krigsutbrot drog han straks i felten. Nordahl Grieg skreiv seinare om han: "Timen kom. Han kjente scenen: Stille hav og hvite fjell. Dét var Nasjonalteater - bygget opp av Norge selv." Og natt til 10. april var han attende på heimetraktene, som løytnant under kampane ved Åndalsnes der han vart såra av granatsplintar, og vart evakuert med "gulltransporten" til England.

Kompani Linge

Han vart snart frisk og deltok i Lofotenraidet våren 1941. Han vart så peika ut av kong Haakon til å leie spesialavdelinga Norwegian Independent Company No. 1, kalla Kompani Linge. I romjula 1941 kom raidet mot Måløy. Dette var ein alliert landgangsoperasjon av 576 kommandosoldatar, støtta av luft- og sjøstridskrefter. Martin Linge leia den norske styrken, og han fall i kamp 27. desember. Han vart dekorert med Krigskorset med sverd, post mortem. Eit monument over han vart avduka i Måløy 1966.

Alt før han døde, hadde han fått ry for heltemot, og etter at han fall i kamp, fekk han enda større tyding for motstandskampen. Han vart ein krigshelt som jamvel statsminister Churchill hylla i BBC, og som sette nytt mot i folket, ikkje minst for dei som kom inn i Lingekompaniet (utførte m.a. Tungtvatnaksjonen). Han vart gravlagd på kyrkjegarden i Måløy saman med britar som også fall. Men i 1946 fekk han ny grav på Vestre Gravlund i Oslo.

Også Norddal kommune har heidra Martin Linge. Kronprins Olav avduka 17. juni 1946 ein minnebauta på Linge. I 1995 fekk bautaen eit bronserelieff. Det gamle skulehuset på Muri er flytta dit for å skape eit museumsmiljø for dei som vitjar staden. Du kan også frå eit "møte" med Martin Linge i storfilmen Max Manus.

Sonen, Jan Herman Linge, som etter at Martin fall, flykta til England, kom inn i Lingekompaniet, og var med på fleire dramatiske krigshandlingar. Jan Herman Linge vart ein båtkonstruktør med internasjonalt ry. Han gav båttypane sine Linge-namnet; mest kjende er Yngling, Musling, og ikkje minst Soling som kong Harald segla.

Gatenamn

Mange byar har heidra han med gatenamnet: Martin Linges veg; i Ålesund, Bærum, Oslo Strømmen, Moss, Heimdal, Stavanger.

Kjelder:

E. Jensen, P. Ratvik og R. Ulstein: Kompani Linge, 2 bd., 1948
Haavardsholm, E.: Martin Linge - min morfar, 1993.
Norddal bygdebøker bind 3, (red. I. Kleiva) 1975
Norsk Krigsleksikon, Cappelen, 1995 (også nettutg.)
Minneskrift: Takk til kaptein Martin Linge, 1994
Informantar: Jan Herman Linge, Svein Ruset
 

 

Share to