• Photo: Biletbehandling Jan Aakvik (Opphavsrett)

1905 i Møre og Romsdal

I 2005 hadde IKA Møre og Romsdal eit ønskje om å vere med på å markere hundreårsjubileet for unionsoppløysinga mellom Noreg og Sverige i 1905. Det ble difor laga ei nettutstilling.

Føremålet med nettutstillinga er å gje både lek og lærd eit innblikk i storhendingane som gjekk føre seg i 1905, og då primært på eit lokalt plan. Ein har difor konsentrert nettutstillinga om Møre og Romsdal, eller Romsdal amt som det då heitte, og lagt mindre vekt på å presentere dei storpolitiske hendingane på riksnivå.

Med denne nettutstillinga ønskjer ein også å framheve arkiv og arkivmateriale som ei viktig kjelde til fortida.

Utstillinga vart prosusert med eigne midlar og løyvingar frå Fylkeskulturutvalet i Møre og Romsdal.

Share to