• Photo: postkort. ukjent. (Opphavsrett)

Seljestadjuvet

Hårnålssvingar

Men den mest dramatiske naturen møter vi på den andre fjellovergangen frå Røldal; over Røldalsfjellet og ned Seljestadjuvet med utsynet mot Folgefonna i nordvest. Vegen, som ligg i knappe, oppmura hårnålssvingar ned Gorsbotnen, vart bygd i 1859-65. På den andre sida av juvet ser vi dei omhugsame murane under ein eldre kløvveg.

Minnestøtta om postfører G. Turtveit

I Seljestadjuvet står det ei minnestøtte like ved vegen: «Reist til minne om postfører G. Turtveit. Begravet i 56 timer under snøskred 3/1 1903. Grov seg ut med posthornet.» Postruta over fjellet frå Røldal til Seljestad og Odda vart halden oppe som skipostrute heilt fram ti! 1955. Minnestøtta er ei påminning om kva realitetane i valspråket for Postverket kunne ha å seia i praksis for dei som heldt oppe sambandet - på ski eller til fots — i høgfjellet vintersdag.
 

Share to