• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Den Stavangerske postveg - over Os

Vegomlegging 1758

Etter fleire ulukker med kollsiglingar på Bjørnefjorden vart vegen i 1758 lagd over Hatvik, der det vart skysskifte, så med båt over Fusafjorden til neste skysskifte på Øpsta, og så vidare over Fusafjellet til Særvoll i Strandvik. Derifrå gjekk ferda med båt til Sundfjord i Lygrepollen - ein av dei lengste etappane til fjords i Hordaland - og vidare over land til Huse i Ølve, der båtskyssen overtok fram til Herøysund.

Lune vågar i Os

Ser vi på sambandsvegane over Bjørnefjorden, ser vi straks at garden Ferstad ligg i ei kommunikasjonslinje mot aust. Gardane Ferstad, Lunde og Halhjem ligg ved lune og djupe vågar, og det er ikkje overraskande at vi finn langskipstufta for Framnes skipreide Lekvenvågen. Ferstad kjem truleg av «ferjestad»; eit samband over fjorden til Fusa. Kanskje var det denne vegen dei drog, munkane frå Lyse, når dei fór til klostergarden Opedal i Hardanger. Heilt fram til midten av 1800-talet var kyrkjevegen for Øya-folket med båt inn Hauglandssjøen, over land til Ferstad og med båtskyss til Os.

Share to