• Photo: Nils Georg Brekke (Opphavsrett)

To grannar – rosemålaren og felebyggjaren frå Tveit og Tveiterås

I det tronge dalføret langs Storelva ligg garden Langeland med Tveit og Tveiterås ovanfor. Denne vesle grenda var litt av eit kultursenter på 1800-talet.

Felemakaren på Tveit

På garden Tveit budde felemakaren Johannes Bårdsson Tveit, som laga dei kjende tveitafelene. Komponisten Harald Sæverud (1897-1992) var ofte hos besteforeldra sine på Nytveit i barndommen, og han har late seg inspirera av både naturopplevingar her og forteljingar om oldefaren, som var slik ein meister til å laga feler.

Rosemålaren på Tveiterås

På grannegarden Tveiteras møter vi endå ein dugande handverkar på 1700-talet: rosemålaren Johannes Johannesson Tveiterås (1763-1842). Etter tradisjonen skal han ha lært å måla av omreisande hallingar, og dette stemmer godt med det vi veit frå andre kjelder. Johannes vart ein målar som danna skule. Også sønene Johannes (f. 1791) og Nils (f. 1795) vart rosemålarar. Nils flytte til Os og vart opphavsmannen til ein rik rosemålingstradisjon i midthordlandsbygdene
 

Share to