• Photo: teikna av Andreas Vartdal (Opphavsrett)

Geirr Tveitt og «Hardingtonar»

Folketonar

Han var fødd i Kvam og hadde hus i Bjødnabrakane på garden Tveit i Vikøy. Med meisterleg karakteriseringsevne og instrumentkunnskap er han den av dei norske komponistane, ved sida av Edvard Grieg og Harald Sæverud, som medvite har utnytta folketonane og vorte nyskapande innanfor norsk musikktradisjon.

Lyrike visemelodiar

For mange er kanskje Geirr Tveitt mest kjend gjennom lyriske visemelodiar med ein særeigen og vakker klangfarge, som tonen til Jakob Sandes vedmodsfylte vise «Fløytelåt» eller Aslaug Laastad Lygres vedkjømeleg vakre sommarnattsstemning: «Vi skal ikkje sova burt sumarnatta/ho er for ljos til det...»
 

Share to