• (Opphavsrett)

Ægir bryggeri

Frå Norrøn Mytologi til bryggeri i Flåm

Ægir vert i norrøn mytologi omtala som ein jotne. Kvart år ber han Æsene til ete- og drikkegilde
i festsalen sin, Brime, der ølet og maten ber seg sjølv rundt og drikkehorna fyller seg sjølve. Ægir
brygger, ifølge Odin, det beste ølet, og dette vert brygga i det største bryggekaret i verda, ei mil
djupt. I Ægir sin hall måtte gudane halde fred med kvarandre og den som laga bråk blei bortvist for
evig tid.

Ægir Bryggeri & Pub frå 2007 er vårt eige mikrobryggeri, bygd i norrøn viking-stil der vi produserer
eit utval av ølsortar for sal lokalt og vidare distribusjon. Vi meiner folk fortene å få velge mellom
ulike ølsortar på lik linje med vin, av den grunn tilbyr vi mange slag øl i vårt utval, både over- og
undergjæra øltypar.

Besøk bryggeripuben med robust skifergolv, veggar prega av drivved, dragehovud og ein 9 meter høg
peis frå golv til tak. Vi har på kort tid fått både utmerkingar og prisar for ølet vårt og Ægir har vorte
kåra til “Årets Bryggeripub” tre år på rad! Prøv ølet vårt og smårettar i bryggeriet.

Velkomen til «after bike» i Ægir Bryggeri.

Telefon: 57 63 20 50
E-post: booking@flamsbrygga.no
Web: http://www.flamsbrygga.no

Share to