• Photo: Wikimedia Commons (Opphavsrett)

Den lure bjørnen

Rundt 1850-åra var bjørnen nærgående om høsten. Han slo i stykker veggene i sommerfjøsa, og henta ut sauer og lam som han forsynte seg av når han vart svolten.

Ein dag bestemte 4-5 karar i Åsbygda på Stadsbygd seg for å holde vakt om natta attmed sommerfjøset da bjørnen var sett i området om dagen.

Gjeterjenta som passa kyrne og sauene om dagen i utmarka, jaga kyrne og sauene inn i sommerfjøset om kvelden og tausa mjølka kyrne.

I sjøminga om kvelden gjekk karene til sommerfjøset som låg ein 300-400 meter ifra husa på gården. Dei hadde med seg kornstaur som dem skulle forsvare seg med mot bjørnen og svart krutgivær. Dei hørte ingenting til bamsen om natta. Og i grålysinga i 6-tida gjekk karene heim.

Knapt ein time seinere da tausa og gjenta skulle mjølke kyrne, satt bjørnen attmed sommerfjøsveggen og åt på et lam!

Sagnet sier at bjørnen har 10 manns forstand og 12 manns styrke. Bjørnen låg i småskogen like ved sommerfjøset. Og når han såg karene forlet sommerfjøset i grålysinga, da luska bjørnen til sommerfjøset og slo åv ein 5-6 fjøle og stakk eine framfoten inn i sauegarden og fekk tak i et lam.

Fortalt av Marie Pukstad (1874 - 1954) til Kystens arv i midten av 1930-åra. Ei sann fortelling.

Share to