• Photo: Egil Korsnes (Opphavsrett)
  • Photo: Teikna av Magnus Hardeland (Opphavsrett)
  • Photo: Anders P. Wallevik (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Ullensvang herad

Prestegjeld

Kinsarvik prestegjeld omfatta også frå gammalt av dei tre soknene Kinsarvik, Ullensvang og Odda. Då Ullensvang vart hovudsokn i 1869, fekk prestegjeldet dette namnet. Odda vart eige prestegjeld i 1915, og i 1968 vart soknene Eidfjord og Jondal overførte til Ullensvang prestegjeld.

Kommunegrenser

Frå det opphavlege Ullensvang herad vart Odda og Kinsarvik skilde ut som eigne kommunar i 1913. I 1964 vart atter Kinsarvik ein del av Ullensvang. Samstundes vart Åsgrenda krins overført frå Kvam til Ullensvang, og Eidfjord vart ein del av den nye storkommunen. I 1977 skilde så Eidfjord lag med Ullensvang.
 

Stadnamn i Ullensvang

Ullensvang er samansett av gudenamnet Ullin og vang «grasslette». Kinsarvik og elvenamnet Kinso, er avleidde av kinn «bratt fjellside». Djødno tyder mogeleg det «som ligg i livd». Enklare er Ernes, av gno. elri «stad det veks or».

kjem av gno. knúi «knoke», her brukt om fjellknaus. Om Måge seier Norske Gaardnavne at det er eit «enestaaende Navn af uvis Oprindelse». Vin-namnet Bleie, skrive Bleiðin i 1329, inneheld eit gammalt elvenamn med tydinga «blyfarga» (om brevatn). Aga ligg i livd under eit berg med skredlaup på båe sider og kan lydast som «den agefulle», eller «den som stikk fram». Hauso er dativ fleirtal av haus «rund knaus».

Grimo er opphavleg elvenamn, av same opphav som grime (på hest), og «ansiktsstripe». Årekol synest vera samansett av gno. á «elv» og hváll (nyare kvål) «rund høgd». Meir problematiske er Utne og Lote. For Lote kunne ein tenkja seg samband med eit ord for søkk i lendet. Alm ligg til grunn for førsteleddet i Alsåker, skrive Almsakr i 1306.

Share to