• Photo: Inge Aarseth (Opphavsrett)

Jettegryte ved Klevabrui

Det er rallarane som har gjort at gryta berre er halv sidan dei hadde eit steinbrot nettopp her.

Rett etter tunnelen under jernbana går det ein sti opp til høgre, nokre få meter aust for tunnelen. På andre sida av grinda ligg det ei fin halv jettegryte, om lag 1,5 meter i tverrmål og nesten tre meter djup. Bergarten er fyllitt, men i botnen av gryta ligg det ei trillrund blokk av granitt (med ein sprekk). Dette er svarvesteinen som grov ut gryta. Her går det inga elv i dag. Smeltevasselva under breen kom med denne steinen frå områda lenger aust for 10 000 år sidan. Steinen fann ei lita grop og byrja å grava seg ned i fyllitten. Det er rallarane som har gjort at gryta berre er halv sidan dei hadde eit steinbrot nettopp her.

Share to