• Photo: Elizabeth Warren (Opphavsrett)
  • Photo: Elizabeth Warren (Opphavsrett)
  • Photo: Kartutsnitt frå Google Map. (Opphavsrett)

Bygdeborger i Etne

I Etne finst det heile fire bygdeborger. Dei ligg alle strategisk til, slik at dei har tent som tilfluktsstader og vern for sentrale delar av bygda.

Borgåsen

Borgåsen, på sørsida av Etnepollen, har namn etter bygdeborga som her framleis finst leivningar av. På toppen er det eit flatt parti med stup på tre kantar. På den fjerde er det lagt opp ein svær mur, og murrestar finst også fleire stader innanfor borgområdet. Frå Borgåsen har ein fullt utsyn over innseglinga til Etnebygda.

Holenuten

På nordsida av Etnepollen, på garden Bryllum, ligg Holenuten. Berre frå nordaust kan ein koma opp til toppen. Der ligg det murar og stengjer. I ei lita hole her skal det vera funne kol og jernslagg.

Heia

Heia på Steine er eit høgdedrag med ei langstrekt flate på toppen og brattkantar på tre sider. Ein svær steinvoll, 36 m lang og 6 m brei, ligg tvert over flata og stengjer av det 40 x 20 m vide borgområdet.

Hushaug

Hushaug heiter eit berg med bratte stup like ovanfor garden Vad. På den einaste framkomelege sida ligg ein 80 m lang mur og sperrar av eit område på 80 x 50 m. Frå borga på Vad er det vidt utsyn både over heile hovudbygda og oppover Stordalen. Her samlast tre gamle vegliner: Vegen frå Støle, vegen frå Grindheim og vegen opp gjennom Stordalen. Vad har namn etter eit gammalt vad over Stordalselva.

Share to