Stampa frå Gjengedalen

Stamping er ein del av den gamle tekstilproduksjonen. Når kvitlar og vadmel vart tatt av veven, var stoffet stift og hardt. Det var vanleg å tove stoffet før ein tok det i bruk.  Då vart dei mjuke og heldt godt på varmen. 
Før brukte dei gjerne føtene til dette arbeidet, det var eit tungt arbeid. 
På våre kantar kom det mange vassdrivne stamper mot slutten av 1800-talet. Stampa som står på Nordfjord Folkemuseum er ein av to som vart satt opp i Gjengedalen i Hyen. 

Stampa fungerer slik at vasshjulet driv ein aksling som løftar opp fleire stokkar. Stokkane dett ned att i eit trau. I trauet ligg tekstilane i varmt såpevatn og blir tova av stokkane som hammrar ned på dei.  

Share to