• Photo: Fylkesarkivet Sogn og Fjordane (Opphavsrett)
  • Photo: Annette Refsdal (Opphavsrett)
  • Photo: Annette Refsdal (Opphavsrett)
  • Photo: Annette Refsdal (Opphavsrett)

Osen i Feios

Ved elveutløpet i bygdi Feios finn me bygdesenteret Osen, med butikk, kai, bustadhus, og ei bru.

Osen

Osen er bygdesenteret i Feios, der butikken er ein kjær samlings- og treffstad for innbyggjarane her. Butikken, som har namnet Feiosbui, står på kaien like ved fylkesvegen, og er like synleg anten ein kjem køyrande med bil langs vegen, eller ein kjem med båt på fjorden. Butikken er open kvar dag med opningstider frå 10.00 til 17.00.

I Osen føregår ein del aktivitetar i løpet av året.

Om hausten har ein hatt haustmarknad, der det har vore salg av bl.a. bær, frukt og grønsaker. Lotteri og musikkinnslag av Feios skulekorps høyrer og med på slike dagar. Ein har og hatt båten Atløy liggjande til kai på desse marknadane, der ein har hatt høve til å kjøpe fisk, og vere med på båttur til kommunesenteret Vik.

Tenning av julegrani den fyrste søndagen i advent er eit tradisjonelt arrangement. Då spelar korpset til gang rundt juletreet, det vert servert gløgg og peparkaker, og julenissen kjem med noko godt til dei minste. Kvelden vert avslutta med fakkeltog frå Osen til Feios Kyrkje og kveldsgudsteneste.

 Osen Bru

Køyrer du vidare frå Osen kjem du snart til Osen Bru. Den blei bygd i 1927 og går i ein nokså skarp sving. Ved sida av brui står ein bautastein med inskripsjonen Osen Bru 1927. Brui er vorten endra etter at den fyrst vart bygd. Då var svingen endå skarpare enn den er i dag.

1 comment

  • i Osen er det som eg hugsar det slik at vegen vart utvida oppover mot bustadhuset til AJ Dale, og ikkje mot der butikken låg. Bustadhuset vart seinare rive Det står også ei stove I Osen som kallast Randistova. Den stova var eigd av Randi Rinde og varfyrst bygd i Vik. Lensmann Skagen ordna med å få ho nedteken der, sent til Feios, og oppattsett i Osen. Vart overlaten til Feios bygdalag av dotterson til Randi, Ivar Langeteig.

Share to