• Photo: Erik Kvalheim (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Norsk Motormuseum i Skånevik

I dei tidlegare produksjonslokala til Sunnhordland Mekaniske Verkstad finn du ein av ei største motorsamlingane i Noreg. Hovudvekta er lagd på norskproduserte motorar.

Nærbilete

Alt i 1895 vart dei første motorane installerte i fiskeflåten. Dette førte med seg ein revolusjon innanfor næringa. Det har vore over 140 motorfabrikkar i Noreg, og Vestlandet var eit tyngdepunkt for denne verksemda. I Sunnhordland var det ei rekkje motorprodusentar, og samlinga i Skånevik gjev eit spanande nærbilete av dette.

Motorsamlinga

Norsk Motormuseum blei stifta i 1986 og er først og fremst eit dokumentarmuseum over småbåtmotorar. Men i utstillingshallen finn ein også rekonstruert verkstaden til motorprodusenten Pedersens Motorverkstad frå Leirvik på Stord. Dei produserte Solid-motorar fram til 1950-talet, og ein kan i museet følgje arbeidsprosessen frå tremodellar og støypeformar til ferdige motorar.

Sardinproduksjon

I 2007 opna ein ny avdeling på museet, nemleg ein utstilling om sardinproduksjonen i Skånevik. Den tradisjonsrike brislingfabrikken King Oscar Sardines, hjørnesteinsverksemda i Skånevik, vart i 2001 lagt ned etter nesten 100 års drift. Produksjonen starta opp i 1908 og fabrikken hadde på det meste kring 150 tilsette. Stiftelsen Norsk Motormuseum overtok mykje av utstyret frå fabrikken etter nedlegginga og har laga til ein «minifabrikk» med produksjonsutstyr, bilete og film. 

Norsk Motormuseum ligg midt i Skånevik sentrum og er open dagleg i tida juni-august.

Share to