• Photo: Synnøve Gjermundnes
    (Copyright)
  • Photo: Synnøve Gjermundnes
    (Copyright)
  • Photo: Synnøve Gjermundnes
    (Copyright)
  • Photo: Synnøve Gjermundnes
    (Copyright)
  • Photo: Synnøve Gjermundnes
    (Copyright)
  • Photo: Synnøve Gjermundnes
    (Copyright)
  • Photo: Synnøve Gjermundnes
    (Copyright)

Ei vestlandsreise

Vestlandet er ei reise verd - uansett årstid og reisemåte. Denne gongen med buss - frå Bergen til Nordvestlandet ein snøfattig januar i 2013.

Frå lufta ser ein kor spreidd vi eigentleg bur. Frå sjøen: utsyn mot ei stadig skiftande fjellrekkje - og frå landevegen - fleire detaljar: landskap, hus og folk.

Vinteren 2012-2013 var uvanleg. Eg kan ikkje minnast ein så snøfattig januar.
Det var ikkje skiføre før du kom opp på dei høgste toppane! Alle fossar og elvar låg som kvite, størkna band nedover liene. Og på vatna og inst i fjordarmane var det berande is.

Og uvanlege januar-aktivitetar denne vinteren: skogrydding og vedhogst! Sikkert ideelt med null snø og beinfrosne markar. Ingen gjekk på ski - men mange 'gjekk på vatnet' - med og utan skeiser.

Vestlandsreisa denne vinteren gjekk med buss - 12-14 timar - alt ettersom ein reiser oppover eller nedover, 2 buss-skifte og 5 ferger. Dette kan ein unne seg når ein er pensjonist: Å ta turen som ei REISE - godt proviantert med aviser og sveler!

Når vinteren no er over, får vi høyre at det skal byggjast fergefri veg - E39 - frå Kristiansand til Trondheim. "Kjærleikens ferjereiser" vil då berre vere (ei) historie.

Men, men - det er såpass langt fram - 20 år - at eg kanskje har 'reist' for godt då.
Eg ville sakne pausane/fergene - 'avsnitta' - i den lange historia som ei slik reise er. Og svelene!

Add to a folder

If you want to keep your stuff, you need to create a user or login.

Share to