• Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Bjørn West

Bak fiendelinja

I oktober 1944 kom det folk over fra kompani Linge i England for å oppretta ei avdeling bak fiendelinjene. Mange ungdommar slutta seg til denne motstandsgruppa for å kjempa mot nazismen og okkupasjonen.

Hovudkvarter

Det meste av vinteren 1944/45 heldt Bjørn West til i fjella sørvest for Masfjorden, mellom Andviki og Stussdalssetret. Etter eit tysk angrep 8. april 1945 vart heile styrken på om lag 250 mann samla i fjella aust for Matre, med hovudkvarter i Stordalen fjellstove. Dei fleste kom frå Nordhordland, Sogn og Bergens-regionen.

Harde kampar

Dei siste krigsdagane i byrjinga av mai kom det til kampar mellom Bjørn West og tyske styrkar. Over 100 mann miste livet i desse kampane. Den 5. mai 1945 brende tyskarane alle setrane der Bjørn West hadde halde til. Dei sette også fyr på alle husa i Kringlebotnen og Stordalen. Tre dagar seinare, 8. mai 1945, var krigen slutt. Den tyske kapitulasjonen var eit faktum.

Bjørn West-museet

Bjørn West-museet held i dag til huse i ein bygning i sentrum av den vesle strandstaden Matre. Bygningen vart reist som funksjonærbustad av A/S Matrefaldene i 1912. Då den tyske okkupasjonsmakta kom til Matre i 1941, byrja dei her å ta ut sand for å byggja forsvarsanlegg ute ved kysten. Her var det ein arbeidsleir med 200 russiske krigsfangar og 30 fangevaktarar.

Tyskarane rekvirerte dei to funksjonærbustadene til A/S Matrefaldene. Her budde kommandanten, marineløytnant Karl Wagner, og fangevaktarane. Wagner vart dømd som krigsforbrytar i 1946 og sat i mange år på Bergenhus. I det huset der Bjørn West-museet no held til, hadde tyskarane vaktstasjon. Folk frå gardane Stordalen og Fosse måtte passera her når dei skulle til Matre, og mykje av forsyningane til Bjørn West vart ført framom denne kontrollposten. 

Share to