Dei første menneska på Kinn

For om lag 10 000 år sidan, då siste istid var slutt, tok dei første menneska i bruk det området vi i dag kallar Norskekysten.

Dei første menneska på Kinn

Av Ida Dyrkorn Heierland, arkeolog

Dei mange hus- og nausttuftene, røysene og steinkransane på sørsida av Kinn viser at folk har ferdast på denne øya også i eldre tider. Desse fornminna er registrerte, men det har ikkje vore gjennomført nærare arkeologiske granskingar. Det er difor vanskeleg å tidfeste nøyaktig kor gamle dei er. Vi kan likevel slå fast at fleire av strukturane er frå førhistorisk tid, men dei er nok neppe spor etter dei første menneska på Kinn. Spørsmålet er kvar det vil vere lurt å leite etter dei første som kom hit og kva ein skal sjå etter? Eit raskt blikk på andre typiske buplassar frå eldre steinalder på Vestlandskysten og ein liten dose kvartærgeologi kan hjelpe oss langt på veg.

Strandbundne buplassar

For om lag 10000 år sidan, då siste istid var slutt, tok dei første menneska i bruk det området vi i dag kallar Norskekysten, og det gjekk ikkje lang tid før dei hadde spreidd seg langs heile kysten. Funn viser at Vestlandspionerane i stor grad heldt til i strandsona i den ytre skjergarden og ute på øyane; ei lokalisering som i følgje fleire arkeologar etterlet liten tvil om at fiske og sjøfangst var sentralt i næringsmønsteret deira. Dette utelet likevel ikkje ein kombinasjon med aktiv reinsdyrfangst i høgfjella. Skal vi leite etter spor etter dei eldste menneska på Kinn, er det difor naturleg å ta utgangspunkt i strandlina frå denne perioden.

Gamle strandliner

Det var det naturlege landskapet med plante- og dyrelivet som i stor grad avgjorde når menneska kunne kome til Vestlandet. Forholdet mellom hav, land og is var avgjerande for kva veg dei kunne kome og korleis dei kunne livnære seg. Sidan slutten av istida har havnivået langs norskekysten endra seg mykje. Kyst-områda ved Florø og eit stykke nordover vart isfrie for om lag 12500 år sidan. På Kinn ser det ut til at havnivået den gongen har vore noko lågare enn i dag. For rundt 11000 år sidan fekk vi ein ny kuldeperiode som geologane kallar Yngre Dryas. Isbreen gjorde no ein ny framstøyt, og havet steig noko fordi landet vart trykt ned av istyngda.

For om lag 10 300 år sidan var denne kulde-perioden slutt, og på Kinn stod havet då om lag i same nivå som i dag. Så steig landet opp or havet på nytt og strandlina hamna på eit lågare nivå enn i dag. Då vi veit at dei første steinalderfolka som kom hit, ofte heldt til i strandsona, er det ved desse no overfløymde strendene ein måtte ha leita etter dei som kan ha halde til på Kinn. Lenger inne, på Botnaneset i Florø, ligg dei same buplassane om lag ein meter under dagens havnivå. Der har arkeologar gjort ut-gravingar og funne rikeleg med spor etter busetnad så tidleg som for 8500 – 9500 år før notid. På Kinn måtte ein ha dukka fleire meter under havflata for å finne spor etter dei same menneska. Årsaka til denne skilnaden mellom Kinn og Florøområdet er at istrykket på landet ved Florø var større enn på Kinn, slik at dei same strandlinene har heva seg meir der inne gjennom tusenvis av år. Det vil kan hende vere lettare å finne spor etter ei litt yngre steinalderbusetting enn den aller eldste.

7000 år gamle strandliner

For 9000 år sidan tok havet til å stige som følgje av at breane i innlandet smelta nesten heilt bort. Havet steig raskt til om lag 5 – 7 m over dagens havnivå på Kinn. Ei slik havstiging kallar geologane ein transgresjon. Frå denne tida – om lag 7000 år sidan – er det tydelege merke etter strandliner med danning av strandvoll både på sør- og nordsida av øya. Og på Kinn ser det ut til at dette faktisk er det høgste havnivået etter at istida var slutt – geologane kallar det marin grense. På sørvestsida av øya rett aust for ei av dei store marine holene opp i fjellet, er det ein tydleg strandformasjon der det også er danna ein voll. Bak vollen er det eit fuktig, myraktig område. Her stod altså havet for om lag 7000 år sidan, og stormbårene bygde opp den karakteristiske vollen.

Gamal lagune blei til tjørn

Går vi opp i skaret og over til nordvestsida av Kinn, finn vi att den same strandformasjonen, men her er vollen endå tydelegare, og i den gamle lagunen bak strandvollen og inn mot fjellveggen ligg det no ei lita tjørn som har avlaup gjennom eit snitt i vollen. I dette snittet kjem strandmassane med grus og velforma rullestein godt til syne. Det er ikkje utenkjeleg at det kunne ha budd folk på Kinn då havet stod ved dette nivået. Skal ein finne buplassane deira, må ein leite i nærleiken av den gamle strandlina eller eit lite stykke ovanfor. Det kan også tenkjast at steinalderbuplassar kan vere nedgravne under dei gamle strandmassane. Slike buplassar er funne på Møre og på Jæren. Men desse er vanskelege å finne – ein må grave djupe snitt gjennom strandvollen for å kome ned på dei.

Reiskap

Reiskapsinventaret på dei eldste buplassane langs kysten var karakteristisk. Dei hadde store pilspissar med tange, men også små, einegga pilespissar. Eit anna særmerkt reiskap er stikkelen eller gravstikka. Denne brukte dei til å grave i bein med. Flintflekkene var gjerne store, og dei hadde også såkalla skiveøkser – ei reiskapsform framstilt av grovt tilslåtte flintskiver. Liknande reiskapsformer finn vi att på det nordeuropeiske kontinentet. Det er såleis ikkje unaturleg å sjå pionermenneska på Norske kysten som medlemmer i eit større kulturfellesskap med folk som hadde lågslettene og kystane på kontinentet og Nordsjølandet som utbreiingsområdet sitt.

Båten

For å kunne ferdast langs den vêrharde Vestlandskysten og i tillegg fiske og jakte på marine pattedyr som sel og småkval måtte dei første menneska som kom hit, ha hatt ein god båt. Vi har ingen båtfunn frå eldre steinalder på Norskekysten, sikkert fordi alt organisk materiale på lokalitetane er opptært av surt jordsmonn. Kan hende var det ein skinnbåt, og spørsmålet er om dei kan ha hatt fleire båttypar også. Vi veit at inuittane brukte kajakken til fiske- og fangstbruk, medan større persontransport gjekk føre seg i umiak eller såkalla «konebåt». I skjer-garden ved Kapp Horn på sørspissen av Sør-Amerika hadde Yamanafolket der ved inngangen til det tjuande hundreåret ein borkebåt som kombinerte både persontransport, jakt og fiske. Det er mykje som tyder på at denne båten og livsforma har røtene sine heilt attende til for om lag 7000 år sidan. Hos desse kystnomadane var det kvinnene som var båtforvaltarar, og berre kvinnene kunne symje – ingen menn lærte symjekunsten. Kystpionerane på Kinn hadde neppe borkebåt, men det er spennande å leike med tanken på at også her kunne kvinnene ha hatt ein framtredande plass som dei som passa og stelte båten.

Vi må rekne med at båten var ein sentral faktor i korleis desse små gruppene av kysttilpassa jegerar og fiskarar ordna livet sitt. Ein skinnbåt kunne knappast vere i sjøen i meir enn 4 – 5 døger før han måtte smørjast inn på nytt med feitt av eitkvart slag, og dette måtte tørke. Såleis kan slike eigenskapar ved båten ha lagt restriksjonar på kor snøgt dei kunne ta seg fram. Opphaldsstader langs kysten måtte veljast ut frå kor tilgjengelege dei var med båt. Om vi prøver å førestille oss livet til kystpionerane for 10000 år sidan, så må vi slutte å sjå på dei frå landsida. Vi må tenkje oss at vi sit i skinnbåten deira og nærmar oss land: Kvar kan vi leggje til? Er det lett å kome fort ut på sjøen att? Kor langt er det over til neste øy eller nes på fastlandet?

Byrjehelleren

– buplass for steinaldermenneske? På utsida av Kinnaklova er det to marine fjellholer – nedste og øvste Byrjehelleren. Desse holene er forma av havet kan hende så langt attende som ved slutten av siste mellomistid for om lag 120000 år sidan. På Sunnmøre og i ytre Romsdal er det også fleire slike holer, og nokre av dei har – nett som Byrjehelleren – spor etter menneskeleg verksemd i jarnalderen og også i steinalderen. Nedste helleren er størst, og der fann geolog Hans Reusch ein beinpren med hol i enden, eit par stykke av hjortehorn, ein gjenstand av tre og ein jarnstift då han grov i helleren sommaren 1879. Datering av funna er usikre, men i følgje arkeolog A.W Brøgger er prenen svært lik andre slike funn frå jarnalderen, og ein jarnnagle festa i eit av hjortehorna styrker ei mistanke om at funna kan vere frå jarnalderen. Reusch grov også i fleire holer i nærleiken og konkluderte med at ingen av desse såg ut til å ha vore bustad for menneske. Dei første pionerane heldt nok til i strandsona, men det kan likevel tenkjast at dei kan ha brukt hellerane til ly for uver eller til rituelle føremål.

Kystpionerar på Kinn?

 Vi har ikkje materielle spor etter den eldste pionerbusettinga på Kinn, men funn i nærleiken, som på Botnaneset, viser at dei ferdast i området. Og sidan vi veit at dei måtte ha hatt båt, ville det ha vore underleg om dei ikkje også fann vegen til Kinn. På den tida var øya mykje større enn i dag med småøyar og holmar rundt og sikkert gode hamneforhold. Varmare klima utover i steinalderen skapte betre grunnlag for fiske, skjelsanking og fuglefangst. Då må Kinn ha vore ein god stad å vere.

(Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 2010)

1 comment

  • Ein dag eg drog ut ei skuff ,møtte eg att skjella eg hadde funne medan vegen på Hjørunfjordstranda tidlig på 50-talet . Eg var då 9-10 år. Eg fann skjella i leirhaldig jord i vegskråninga ved Øyrerysta .Eg var på den tid elev ved Saltre skule. Dette var 40-50m høgare oppe enn der sjøen er i dag. Eg lurer på kor gamle desse skjella er? Eg tykkjer det ville vere spennande om å vite litt meir om det er råd. Dei fleste skjella er 14-15 cm. og liknar på forvoksne blåskjell.

Share to