Sunnivaleia Fottur på Kinn

Ta turen til Kinnklova og Stauren ( 223 moh) til høgre på biletet

Vandringa langs Sunnivaleia på Kinn går

rundt øya. Her skildrar vi ruta ved at ein

går mot nord først, 1,3 km på god grusveg

til kyrkja, og deretter 3,2 km rundt øya
på sørsida tilbake til kaia. På kaia er det

informasjonstavle og langs stien QR-kodar med informasjon om

om fornminna på øya. Etter om lag 100

m ser du skilt til stien til toppen av Kinnafjellet. Stien er godt merka

Han går langs ein vaier som er sett fast

i fjellet og er i tillegg godt merka. På veg mot kyrkja går ein forbi

Kinn skulehus og Kinn gjestehus. Frå

kyrkja går Sunnivaleia vidare på sti mot

Kinnaklova i vest. Leia går framom gamle

murar, sauegrindar. Desse blei brukt til å samle sauer for klipping eller sortering til ulike eigarar. Etter kvart

opnar Høyskaret seg mot venstre. Ein

går opp gjennom skaret, som har ei høgd

på 110 moh, og vidare gjennom ei

grind like ved ein heller som ligg til venstre. Deretter følgjer ein

strandvollen, med alle dei merka fornminna, langs sørsida attende til kaia. Heile turen rundt øya tek 2-3 timar.

 

Det er også eit minne  for livet å ta ein tur opp i Kinnaklova. Har du tid og lyst kan du gå ned på andre sida og ta til høgre der du vil sjå to storfe hellerer, Byrjehellerane på vegen rundt fjellet, Nordre Stauren.

 

I Høyskaret ser du også skilt med merking til ruta mot toppen av Søre Stauren ( 223 moh).

 

 



Sunnivaleia er ei pilegrimslei frå Bergen, via Kinn til Selja. Ei pilegrimsferd langs denne leia vil vere over sjø og land. Ein kan gå, sykle, segle, padle eller ro. Det har allereie vore arrangert fleire fellesvandringar langs leia frå Kinn til Selja. Det er utvikla eigen logo, merking og heimeside. Somme etapper vil vere ferdig merka til våren 2014: over øya Reksta og på Kinn, over Bremangerlandet, Rimstaddalen og på Selja. Korleis ein skal tenkje seg ei pilegrimsferd heilt frå Bergen til Selja er ikkje ferdig tenkt, men det er somme haldepunkt klare. Vi meiner at ei ferd må vere innom Bergen (Kristkyrkjetomten) , Eivindvik (Gulatinget), Hyllestad (Kvernsteinsparken), Kinn (Kinn kyrkje) og Selja (Selja kloster). Korleis ein skal ferdast lyt ein velje sjølv, men det skal vere ei reise der ein tek seg god tid og bruker kroppen i naturen.

Pilegrimsfellesskapet si oppgåve er å vere eit godt vertskap for menneske som vil komme hit og ferdast langs Sunnivaleia som pilegrimar. Det er mange oppgåver ein kan gjere om ein vil vere ein del av fellesskapet vårt.

·         Merking og skjøtsel av etappene vi har merka.

·         Informere om Sunnivaleia og pilegrimsarbeidet lokalt der du bur.

·         Gå ein del av vegen i lag med grupper eller enkelt pilegrimar.

·         Låse opp kyrkja der du bur for pilegrimar som kjem.

·         Invitere pilegrimar inn, by på eit måltid eller slå av ein prat

·         Ta del i lokale initiativ som bygger opp om vandring langs kysten (turlag, kystlag, lokalt pilegrimsarbeid, friluftsgudstenester, speideraktivitetar, kystkultur.)

·         Bidra til å gjere historia knytt til tidleg kristen mellomalder kjend og delta ved arrangement som bidreg til dette.

·         Tale varmt om kysten, naturen, folket og kulturen her vi bur.

·         Ha ein draum om sjølv å få ferdast langs kysten som pilegrim.

 

Share to