Nausttuft

Spora etter denne tufta som ligg i Stølsvikja på sørsida av Kinn er ei nausttuft.

Ytre mål på tufta er 17x8 m. Tufta har ei avlang form og har husa ein båt i jernalder. Det er ikkje gjort arkeologiske undersøkingar i tufta, så nøyaktig datering har vi ikkje. Tufta ligg inntil ein bergknaus  som har skjerma bygningen for vinterstormar frå sør.  Fett har registrert ei tuft til i dette området, men det er denne nausttufta ved bergknausen som er lettast å finne att.

(Askeladden id 35757, Per Fett 7/2)

I Sogn og Fjordane er det så langt gjort to kjende arkeologiske undersøkingar av store nausttufter frå jernalder. Begge tuftene vart funne under dyrka mark og var ikkje lenger synlege på overflata. Det eine naustet er frå Naustdal og det andre er frå Stryn. Både breidda og forma på nausttuftene fortel om kor store båtar dei hadde.

Båtar

Båtane som folk nytta til fiske og fangst i jernalder var klinkbygde trebåtar som var relativt lette å dra opp og ned frå land. Båtane stakk ikkje meir enn ein halv meter ned i sjøen, difor eigna båtane seg godt langs kysten vår med mange grunnar, holmar og skjær. Båtane var gode å ro. Forma på dei klinkbygde trebåtane, har ikkje endra seg så mykje frå det som kjenneteiknar dei tradisjonelle fiskebåtane i Noreg i dag. Talet på årepar eller rom i båten bestemte storleiken på båten. Oselvaren, ein tradisjonell fiske/robåt frå Hordaland, er til dømes veldig lik i form samanlikna med lettbåten som vart funnen i Gokstadskipet i Vestfold frå 800-talet, dvs i vikingtid. 

Share to