Då danskefuten kom til Kinn

Kven var så på Kinn i 1537 for å proklamere den nye tida, og sikre alle skattane i Kinnakyrkja for den nye kongen?

Då danskefuten kom til Kinn våren 1537

Av Bjarte Sindre

Kinn og Selje med sunnivatradisjonen representerer dei eldste kristne samfunna i Noreg. I mellomalderen kom der mange pilegrimar frå heile det kristne Europa for å vitja Nidarosdomen og det vidgjetne Olavsskrinet. Ein av dei viktigaste vegane dit var med skip langs norskekysten. Dei sigla ugjerne om natta, og vi kan vere overtydde om at Kinn har vore ei viktig hamn for båtane med pilegrimar. Her var det god ankringsplass, og det høvde bra med dagsreisene frå Bergen. I kyrkja har dei samla seg til messe og bøn. Det var vanleg at pilegrimane gav rause gåver til kyrkjer og kloster dei vitja på ferda nordetter, og Kinnakyrkja har ikkje vore noko unntak. Sunnivatradisjonen var kjend over heile Europa, og har nok gjort sitt til at kyrkja her ute i havgapet vart svært rik. På same viset har nok også kyrkja fått gode gåver av sjøfarande som var takksame for å ha berga livet i storm og uvêr, eller som ville be om trygg reise.

1500-talet var ei brytingstid i europeisk historie. Luther si lære reiste seg mot den tradisjonsbundne katolske trua, og det kom til harde religionskampar. Striden breidde seg også til Danmark-Noreg, og vart ein del av maktkampen mellom to greiner av kongeætta. Christian II var sterkt bunden til katolisismen, ein ihuga forkjempar for denne, medan Frederik I gjekk inn for protestantismen.

I Noreg stod den katolske trua sterkt, og vi kom til å støtte Christian II i maktkampen. For oss vart det ein siste strid for å berge det som var att av nasjonalt sjølvstende. Erkebiskopen i Nidaros, Olav Engelbrektson, var leiaren for motstandskampen. Då Frederik I døydde i 1533, tok sonen hans, Christian III, opp arven, og han sigra raskt over motstandarane sine i Danmark, først og fremst borgarskapet i byane. Endeleg siger fekk han sommaren 1536, og protestantismen vart straks innført i landet. I 1537 sende han ein stor flåte med hærstyrkar til Noreg. Norsk motstand mot han og protestantismen skulle slåast ned med hard hand. Flåten kom til Bergen den 9. april 1537! Her overtok lensherren på Bergenhus festning, dansken Tord Rod, kommandoen, saman med han som var hjernen bak heile åtaket, Eske Bille. Flåten sigla straks nordetter for å ta knekken på erkebiskopen og styrkane hans. Olav Engelbrektson som flykta frå landet den 1. mai, hadde dradd søretter til den katolske tysk-romerske keisaren for å få hærhjelp. Dette mislukkast, og erkebiskopen døydde året etter i utlegd. Dei danske styrkane hadde ingen vanskar med å slå ned oppreisten i Trøndelag. Siste motstandsreiret var Steinvikholm Festning, som overgav seg den 18. mai.

Kong Christan III hadde også sendt ein ny flåtestyrke til Bergen. Leiarane her var dei to politiske kommissærane, Truid Ulfstand og Christoffer Huitfeldt. No drog dei nordetter, skulle ordne med full dansk overtaking av Noreg, så futen i Kinnaspelet har god dekking for orda sine om at «Norge er blitt en dansk provins.» Ein viktig ting for danskekongen var å sikre seg alle verdiar som den katolske kyrkja åtte, og dei var ikkje små. Berre frå Nidaros fylte dei tre skip med gull og sølv og andre kostesaker. Det eine skipet forliste på vegen søretter, og ein stad på havbotnen ved Svinøy ligg verdfulle kostesaker frå Nidarosdomen den dag i dag. Dessutan skulle alle som hadde støtta erkebiskopen brannskattast, noko som vart gjort med hard hand.

Kven var så på Kinn i 1537 for å proklamere den nye tida, og sikre alle skattane i Kinnakyrkja for den nye kongen? Det kan ha vore ein av futane til lensherren i Bergen, t.d. Jens Hallandsfar, men dette har nok vore ei for stor oppgåve for ein fut. Det kan ha vore lensherren Tord Rod eller Eske Bille, men dei har vel helst hatt slikt hastverk med å få tak i erkebiskopen, at dei heilt har konsentrert seg om dei militære oppgåvene. Mest sannsynleg er det nok at dei to kommissærane Truid Ulfstand og Christoffer Huitfeld er dei som har gjort den nye tid kjend for folket på Kinn. Dei hadde ikkje hastverk med å kome seg til Nidaros, og har nok ankra opp for natta i Kinnesundet. Dessutan var det desse to som hadde kongebrev på at dei skulle proklamere innføringa av Lutherlæra for alt folket, forklare kvifor erkebiskopen hadde forbrote seg, og at dei difor måtte kome med hærmakt. Noko som også talar for dette, er at helgenfigurane og lektoriet er bevart i Kinnakyrkja. Dette er eineståande i Noreg, dei danske styrkane brende elles alt som kunne minne om katolisismen. Dette tyder på at folket på Kinn først har fått melding om at no er Luthers lære innført, og at dei så må ha hatt tid på seg før alle verdiar i kyrkja vart kverrsette. Såleis har dei klart å redde unna det som var av størst verdi for dei, ikkje gull og sølv, men sjølve symbola på gudstrua. Ulfstand og Huitfeldt har sikkert ikkje fylt opp skipet sitt på veg nordetter. Kyrkjerova vart nok gjort av den danske flåten på veg tilbake til Danmark etter sigeren.

 

Truid Ulfstand (1487–1545). Dansk riksråd og slotts--herre. Sterk støttespelar for Frederik I og Christian III. La under seg store jordgods i Noreg.

 (Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 1999)

 

Share to