• Photo: Tegning av Tor Hemma. (Opphavsrett)
  • Photo: Tegning Tor Hemma. (Opphavsrett)

Kvernsteinsfunn i Alverstraumen

Kvernsteinane

Kvernstein i seg sjølv er ikkje so lett å datera for dei har hatt same forma frå mellomalderen fram til notid. Det er andre gjenstandar i funnet, mellom anna ei flaske av glas, som gjer at ein kan tidfesta dei til tida mellom 1750 og 1850. Fire av steinane hadde ein diameter på 90 cm og utgjorde to kvernsteinspar. Resten av steinane hadde ein diameter mellom 36 og 49 cm. Av dei har 247 steinar hol(auge) i midten og hol på sida for dreiehandtak. Dei er difor registrerte som oversteinar, medan dei øvrige 254 er understeinar.

Jekteleia langs kysten

Geologar kunne stadfesta at kvernsteinane var hogd i Hyllestadstein, eller Åfjordstein, som det også vert kalla. Namnet er etter det svære kvernsteinsbrotet i Hyllestad ved Åfjorden i Sogn. Båten som forliste var truleg på veg frå Hyllestad i Sogn til Bergen, for Alverstraumen ligg i den gamle jekteleia langs kysten. Jekteleia frå Sogn på 1800-talet passerte Fensfjorden vest av Vardetangen og gjekk vidare sørover gjennom ”Straumane” forbi Flatøyosen, over Salhusfjorden og Byfjorden til Bergen. Denne leia har truleg føringsbåtar følgd sidan mellomalderen. 

Share to