Heilagmennene på Kinn

Heilagmennene på Kinn

                                                                                                     Av Torleif Reksten

 

I folkevandringstida kring 400 år etter Kristus kom keltarane austfrå og busette seg i vestdelen av Frankrike, England, Wales, Skotland og Irland. Dei hadde med seg ein særprega kultur som påverkar vestskotsk, irsk og walisisk kultur også i dag. Den kristne trua fekk innpass gjennom keltisk misjon lenge før paven sende misjonærar til Dei britiske øyane, noko som førde til konfliktar mellom dei to trusretningane slik reformasjonen gjorde det her på Kinn nesten 800 år seinare. Det var m.a. usemje om tidspunkt for påskefeiring og måten prestar og munkar skulle barbere håret på hovudet. Den verkelege striden stod likevel mellom måten kyrkja skulle organiserast på. I Pavekyrkja var klosterrørsla ein del av kyrkja som vart styrt direkte frå Paven via erkebispar og bispar. I den keltiske tradisjonen var kyrkja ein del av klosterlivet. Abbeden og ikkje bispen styrte både klosteret og kyrkjene som låg i distriktet til klosteret.

Denne keltiske klostermodellen vart sett på som eit trugsmål mot Pavekyrkja, og etter mange uheldige konfrontasjonar prøvde partane å bli samde i ein synode i Whitby i 664. Men keltarane vart i minoritet. På Iona vart aldri ein abbed formelt vigsla av ein bisp, ei slik «offisiell» godkjenning var unødvendig. Den keltiske kyrkja kritiserte ope Pavekyrkjas hug på jordisk eigedom, luksus og status. Pavekyrkja undervurderte også kva rolle naturen spela som reiskap til å finne Gud. St. Patrick, Irlands skytshelgen, vaks opp i England i ein prestefamilie. Det er fortalt at han som sekstenåring vart teken til fange av sjørøvarar og seld som slave i Irland der han arbeidde ute i naturen som sauegjetar. Einsemda og det stille livet her ute i alt slags ver, la grunnlaget for ei sterk tru. Etter seks år greidde han å rømme tilbake til England, men han hadde vorte glad i Irland og difor reiste han attende og dreiv misjonsarbeid der. Målet var å gjere kristendommen kjend i heile Irland, eit arbeid som har gjort han elska av alle irar. Han døydde ca 490 og hans minnedag er den største festdagen i Irland og blant irar over heile verda.

 Dei kristne keltarane bygde mange kloster over heile Irland, helst i aude strok. Desse vart viktige lærestader med kyrkjer der dei kunne dyrke Gud. Munkane ser ut til å ha vore svært rastlause, men deira målsetting var å drive opplæring i kristendom i klostera for så å dra på misjonsreiser eller leve som einebuarar i pakt med naturen langt frå andre folk. Denne trongen til å søkje Gud og kjempe mot elementa, kjempe mot Den vonde og Det vonde i seg sjølv heilt på ytterkanten av eit stup, kolliderer med vår fornuft og praktiske sans der eit makeleg liv er høgt verdsett. Men slik vart den kristne bodskapen spreidd over store område. Vi finn restar etter kyrkjer og kloster på dei mest avsidesliggande holmar og nes langs kysten av Irland og Skotland, Orknøyane og Shetland, Færøyane og jamvel Island. Stadnamn på desse øyane fortel også om «Papane» som hadde budd der. Namn som Brendan, som mange hevdar drog heilt til Amerika, Columba som etter ein storm rok i land på Iona og grunnla hovudklosteret for keltisk misjon der i 563 og Aidan (d. 651) som grunnla klosteret på Lindisfarne, er berre nokre få av misjonærane som er hylla i keltiske historieskrift, dikt og forteljingar. I 588 drog 12 munkar leia av St Fionán over eit stormfullt havstykke utanfor kysten av Sørvest-Irland til ei 200 m høg og stupbratt klippeøy («Skellig» på gelisk) og grunnla eit lite kloster som var i drift i 634 år med unnatak av nokre år då vikingar rana klosteret og drap dei som levde der. Dei lite skadde klosterruinane og dei 640 trappetrinna frå sjøen og opp til klosteret er eit minnesmerke om ei sterk kristentru og asketisk klosterliv. Olav Tryggvason besøkte dette klosteret, og mange trur han vart døypt her. Klosteret er oppkalla etter erkeengelen Mikael. Er det Mikael vi ser heilt til høgre på lektoriet her i Kinnakyrkja? For ei viktig oppgåve han hadde, var å stri mot Den vonde og leie dei truande heim til Paradis. Så synd at vi ikkje har handfaste prov på at nokre av desse einebuarane som drog ut på storhavet i små skinnbåtar, rok over til Norskekysten og levde eit fromt liv i einsemd her! La oss førestille oss at nokre av dei verkeleg kom hit til Kinn! Havstraumar går jo rett frå øyane nord for Storbritannia til Vestlandet, og båtar og mykje anna har reke over til Noreg. La oss tru at den øydelagde steinkrossen som no ligg i Kinnakyrkja ein gong har stått på altaret i ei lita keltisk kyrkje lik den vi framleis finn på toppen av Skellig Mikael. La oss tenkje at det alt på slutten av 600-talet rok munkar eller heilagmenn i land på Kinn og at dette var den verkelege bakgrunnen for seinare segner om fromme, irske prinsesser som gjorde det same for å unngå fæle vikingar.

 La Kinnaspelet også vere ei feiring av ein 1300 år gammal kristen tradisjon her på Kinn. Ein opphavleg keltisk tradisjon som møter Gud på tre arenaer: i naturen, i medmennesket og i kyrkja. På Kinn og i den keltiske tankegangen ser vi kor mykje skaparverket betyr for oss. Det er ikkje nok å forvalte naturen, vi skal også elske han. I dette synlege er også det usynlege til stades. Gud og natur går i eitt. Slik skal det vere eit nært og fortruleg samband mellom menneske og skaparverk. Den keltiske solkrossen er eit fint symbol på dette sambandet. I før-kristen tid var sola ei sterk kraft. Så kom Kristus som var sterkare enn døden. Samansmeltinga av sol og kross kombinerer det skapte med frelse, og dette saman med all dekorasjonen på krossen symboliserer rikdommen i livet vårt. Menneskeverdet er gjeve oss av Gud, det er ei gåve ingen burde kunne ta frå oss. Vert det krenka, vert også Skaparen krenka. Mennesket er stort og verdifullt avdi det er skapt i Guds bilete. Vi sit her på Kinn og er mottakarar av noko Gud vil gje oss. I Spelet møter vi lidande menneske der vi kan få vere medlidande. Vi kan vise medkjensle og be om miskunn. Ein framand som Sygni er ikkje berre ei jente som treng hjelp, men som også har noko å gje – med utfordring følgjer velsigning. I klosteret på Iona lærde dei at ein ikkje kan elske Gud som ein ikkje har sett før ein elskar sin neste som ein har sett. Gud bryr seg, men nokon må vere hans auge, øyre, hender og føter. Jesus er eit bilete av den usynlege Gud. På lektorieframstykket og på preikestolen her i Kinnakyrkja finn vi evangelistar som har skrive ned Guds ord slik Kristus sa dei. Ordet er ein levande skapning og Kristus lever vidare i denne kroppen som er kyrkja – kyrkjelyden. «Deg å få skode er sæla å nå, Gud ver det syn mitt hjarta vil sjå» høver så godt i gudstenester her på Kinn. Denne salmen er eit fint yttrykk for keltisk tradisjon. Salmen gjev trøyst, skapar lengt og ei kjensle av å sjå Jesus i Guds vakre skaparverk, i medmennesket og i Kyrkja.

(Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 2005)

Share to