Kinnakyrkja

Kinnakyrkja ca. 900 år

Av Oddvar Isene

Kyrkja på Kinn er truleg rundt 900 år gamalt, og mellom dei eldste steinkyrkjene i Norge. Ei C-14 datering tyder på at koret er bygd mellom 1090 og 1150. Bruk av steintype og byggemåte tyder på at kyrkjeskipet er bygd seinare, truleg sist på 1100-talet. Kan det også ha stått ei eldre trekyrkje her? Det er konstatert at fleire steinkyrkjer i Norge er bygde slik, først koret i stein attåt ei tidlegare trekyrkje, og så skipet, 50 - 100 år seinare.

Grunnen til eit så tidleg kyrkjebygg her på Kinn, finns ikkje tydelege svar på. Men truleg hadde det samanheng med fleire tilhøve i kristningsprosessane i mellomalderen. Vi kjenner til relativt tidlege spor av munkar frå Skottland og Irland (Keltiske munkar) som hadde kontakt med fleire stader på Vestlandet. "Heilage menn", eller Seljumennene er kjende frå Gulatingslova og Kristenretten. På eit tingsete på Moster i 1024, fekk Olav Haraldson innført Seljumannamesse 8. juli, ein av dei aller eldste norske messedagane i kyrkja. I gamle fortelingar (legender), nedskrivne seinare i mellomalderen, er "heilage menn" knytte til både øya Selja og øya Kinn. På Selja var det bygd eit kloster, og det første bispesetet for Vestlandet vart etablert der, truleg i 1068, som eit av tre bispesete i Norge. Kinn er ikkje nemnd med noko kyrkjebygg. Men det er grunn til å tru at ei kyrkje vart bygd her med bakgrunn i denne kristningsprosessen, som kanskje alt hadde starta før 1000-talet med Keltiske munkar, og som heldt fram med kristningskongane sine ferder langs kysten. Seinare kongar, som Olav Kyrre og Magnussønene førte dette kristningsverket vidare med meir planmessig bygging av kloster, steinkyrkjer  og stavkyrkjer rundt i landet. Truleg var Kinn alt då, rundt 1100, etablert som ein svært aktuell kyrkjestad, også fordi Kinn den gongen låg midt i farleia for båttrafikken langs kysten. Hovudleia gjekk gjennom Kinnasundet.

Fleire reparasjonar og ombyggingar har endra kyrkja gjennom hundreåra. Men ei stor restaurering i 1911-1920 førte bygget mest mogleg tilbake til opphavleg form, der romansk stil med rundboge og rundkvelv er karakteristisk. Truleg var den konstruksjonen som heldt oppe taket i kyrkjeskipet litt annleis enn i dag. Ved ein stor reparasjon av kyrkja i 1868, vart taket på skipet senka til ein flatare vinkel, og det vart bygd himling inne i kyrkja. I 1911-1912,vart himlingen riven bort og taket bygd opp igjen til den opphavlegs spisse vinkelen. Taket på kordelen har aldri vore endra.

Det mest verdfulle av inventaret er lektoriet, tidfesta til ca. 1250. På den tida var det brukt i større kyrkjer og katedralar i Europa, men det var ikkje vanleg i mindre kyrkjer på landsbygda før seinare i mellomalderen. Lektoriet er forma som eit galleri med ein rikt dekorert front mot kyrkjelyden, hovudsakleg brukt i liturgisk samanheng for songarar og mindre kor som deltok i messa. Dei femten relieffa i lektoriet framstiller Jesus og dei tolv apostlane. På kvar side, inn mot murveggen er ein engel avbilda. Nokre av relieffa er reparerte og fornya som kopi av dei gamle. Heile lektoriet framstår i dag omlag slik det var i 1250, og er det mest fullstendige lektoriet som er attende  i Nord-Europa.

Anna verdfullt inventar er tre kjende katolske helgenfigurar, Sta. Barbara, Sta. Katarina, og Maria Magdalena. Dei er laga i Nederland, og truleg ei gåve til kyrkja, rundt år 1500.  På Kinn har figurane fått lokale namn etter prinsessene i Sunnivalegenda, Ingebjørg, Borni, og Sunniva. Altertavla vart først bygd rundt eit skåp med desse tre helgenfigurane, truleg midt på 1600-talet. I 1703 vart helgenfigurane tekne ut av skåpet, og i ryggen var det måla eit stort bilete av krossfestinga. Helgenfigurane vart plasserte i eit kopi av skåpet på sørveggen i koret. Altertavla er i dag eit svært vakkert kunstverk med mange interessant detaljar. Heile kyrkja framstår i dag som eit vakkert klenodium frå mellomalderen. Først når du kjem inn i kyrkjerommet vil du oppleve og forstå denne kulturskatten.

Kinnakyrkja var hovudkyrkje i Kinn sokn fram til 1882, då den nye kyrkja i Florø vart teken i bruk. Kyrkja er framleis i bruk til alle kyrkjelege tenester, ikkje minst til vigsling av brudepar. Kyrkja har i dag fem ordinære gudstenester i året, knytta til konfirmasjon, dei kyrkjelege høgtidene og Kinnaspelet. Olsok- og Seljumannamesse er fast tradisjon.

Du kan lese meir om kyrkja og bakgrunnen på www.kinnaspelet.no

Share to