Øydegardar på Kinn

Øydegardar på Kinn

Av Kristian Jansen

Jordbruk blei innført på Vestlandet rundt 3000 f.Kr., utan at vi kan snakke om gardsdrift slik vi seinare kjenner det. I tillegg har jakt og fiske til alle tider vore viktig, også for dei som dreiv jordbruk. Etterkvart blei folk meir bufaste, og den store ættegarden med felleshus og store landområde rundt blei etablert. Slik var det i mange hundre år.

I yngre jernalder får vi eit skifte.

Vi finn no gardar med namn samansett med personnamn som viser til ei ny sosialeining, landsnåmsmannen og hans nære familie si nyrydding. På Austlandet hadde dei dalstrok og heier å ta av, og du får eit indre landnåm i Norge. Kysten, derimot, var godt utnytta. Til dømes ser det ut for at alle dei gamle matrikulerte gardane i Flora kommune er eldre enn denne tida (yngre jernalder). Det betyr at kystungdom som ville begynne for seg sjølv, hadde vanskeleg for å finne godt land for nyrydding. Det har ikkje hindra folk i å prøve, og vi fekk småbruk på det som vi kan seie er marginalt jordbruksland for folk som ikkje hadde kunnskap om å drenere myrjord.

Vi må rekne med at jordbruket var mest basert på dyrehald.

Ut frå det vi veit om småbruk i nyare tid, hadde dei truleg få kyr fordi det var lite gras til vinterfor. Derimot hadde dei meir sau som kunne gå ute heile året og finne næring både i lyngmarka og i tangbeltet. Der sauen beita lyngen, blei det nye skot på lyngen kvart år. Desse var meir næringsrike enn gamal lyng og kunne difor også nyttast av kyrne. Åkerbruk var det truleg mindre med. Frå mellomalderen veit vi at husdyrprodukt blei betalt med 2-3 gonger høgre pris enn korn. Med maksimal utnytting av beitet, kunne ein skaffe seg innkome til å kjøpe det kornet ein trengte. Om dei hadde andre husdyr på Kinn, veit vi ikkje, men i yngre jernalder var alle dei husdyra vi kjenner i dag, komne til Norge. Men det som først og fremst gav kyst-buen eit innkome, var fisket. Til fisket trengde ein båt, og båten måtte ha ei god hamn. Dei nye plassane som blei dyrka opp i yngre jernalder, og som hadde ei god hamn, har eksistert som småbruk fram til våre dagar. Der hamnetilhøva var dårlegare, forsvann desse bruka ein gong i vikingtida.

På sørsida av Kinn finn vi tufter etter tre hus med gravhaugar ikring

Desse er frå førkristen tid, kan hende frå tida like før og inn i vikingtida; altså frå yngre jernalder. Vil ein sjå desse, tek ein turen frå kyrkja gjennom Høyskaret og ned på sørsida av øya. Ved grinda i gjerdet der stigen bøyer av mot aust, ligg dei første grav-haugane. Langs ein liten hammar i nærleiken, kan ein sjå spor etter ei hustuft. Følgjer ein stigen vidare austover, passerer ein fleire mindre røyser og nok ei hustuft. Om denne er forhistorisk, veit vi ikkje, men gravrøysene i nærleiken skulle tyde på det. Vidare austover kjem ein til grasbakken opp frå Stølsvika. Her finn ein tydelege spor etter eit hus med tre rom. Det har lett boga ytterveggar, slik ein ofte finn det i vikingtida sine steinbygde hus. Det ligg fire gravrøyser rundt hustufta. Nede i vika finn ein spor etter to naust.  Under ein stor stein like nedfor stigen, ligg ein fint oppmurt gammal brønn. Kor gammal han er, er ikkje godt å seie, men han kan godt ha tilhøyrt småbruket. Dei små gravhaugane er utgravne/-plyndra, det ser ein tydeleg på holet i midten. Det kan vere tre forklaringar på slike hol i gravhaugar.

For det første kan det vere spor etter arkeologar

Den neste forklaringa kan vere at då arkeologane hadde begynt å finne interessante ting i gravhaugar (som til dømes vikingskip), blei det reine moten å undersøke dei lokale gravhaugane på ein svært uvitskapleg måte.

Den tredje mogelege forklaringa finn ein i ei forteljing i ei islandsk ættesoge. Gravhaugane nær garden inneheldt dei eldste i ætta, og desse blei sett på som gode vetter som tok vare på garden. Fjøsnissen er den yngste avleggaren av denne tradisjonen. Men dersom gardfolket på ein aller annan måte kom i klabeis med gardsvettene, måtte ein inn i haugen og roe dei ned.

Nokre av haugane på Kinn viser korleis dei med minimalt arbeid fekk laga ein stor haug.  Ein la grava innunder ein naturleg haug eller stor stein og bygde haugen rundt den. På den måten fekk ein laga ein stor haug med lite byggestein. I dag finn ein ofte berre att ein steinkrans rundt det som var utgangspunktet for haugen. Dei vestlegaste hustuftene og røysene, ligg nær Dunsegytten. Som namnet seier, må denne ha vore ubrukeleg som hamn. Ein gytt er trang, og når denne attpåtil er kalla for Dunsegytten, har havet stått rett på og her har sjeldan vore roleg sjø. At desse bruka blei fråflytte når sjansen til noko betre gav seg, er forståeleg. Litt vanskelegare er det å forstå kvifor bruket ved Stølsvika blei forlatt. Kan hende ligg forklaringa i sjølve namnet. Hovudbruket på Kinn hadde bruk for meir beite og slåtteland, og husmennene sine rydningar på sørsida var freistande for storbonden. Det som var ein nyrydning, blei ein støl under hovudbruket.

Kor blei det så av desse folka?

Vi er no komne inn i vikingtida. På den tida har nordmenn gode havgåande båtar, og nye land i vesterveg var oppdaga. Sjølvsagt drog nokre på vikingtokt, men dei fleste som drog ut, var på leiting etter nytt og betre land for busetnad. Blant desse var truleg småbrukarane frå sørsida av Kinn.

      (Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 2000)

Share to