Fugletårnet

Frå fugletårnet i Fokstumyra naturreservat har du godt utsyn over Fokstumyra.

Fugletårnet ligg på den opparbeida stigen gjennom myra, ca. 2 km frå parkeringsplassen ved Fokstua stasjon. Stigen er godt tilrettelagt og lett å gå med gangveg i tre over dei blaute myrpartia. I reservatet er det ferdselsforbod i tidsrommet  1. mai til 20. august, men på den opparbeida stigen kan ein ferdast fritt  heile sesongen. Heile stigen er ein variert og fin rundtur på 7 km. Frå fugletårnet er det god utsikt over myra med våtmark, tørre rabbar og buskvegetasjon med dei ulike fuglane som er typisk for desse områda: myrhauk, trane, jordugle, brushane, ulike ender og mange småfuglar.  Har du med deg ein god kikkert, kan du sjå mange av desse fuglane frå fugletårnet. På stigen ut til tårnet må du skjerpe sansane – kjenner du alle fuglane du høyrer?

Share to