Husmannsplassen Evju i Evjudalen

Skå-Kari, kven var ho? Korleis gjekk det med ho i livet? Og kvifor i alle dagar blei ho kalla Skrå-Kari?

Visste du at det har vore husmannsplassar her i Evjudalen? Nede ved bekken her ein stad låg Evju, som var husmannsplass under storgarden Borgja.

Nyttårsdagen 1837 sat Kari Hansdotter og vogga den vesle sonen sin, den åttende ungen i rekka. Han hadde blitt døypt den dagen. Ho tenkte på oppveksten sin i Nesherad, på Leikvang. Så stolt ho hadde vore den gongen, ingen hadde så fine søljur som ho. Ungdomstida, og da ho gifta seg med Halvor Kittilson på sjølvaste Roteberget. Livet dansa for Kari. 

Men ho kom aldri til å gløyme skamma da dei måtte reise frå Roteberget som fattiglus. Aldri hadde ho trudd at dei skulle ende opp som husmenn, dei som hadde vore blandt dei finaste bøndene i bygda.

Halvor, mannen hennar var smed og han hadde godt ord på seg. Kari blei kalla for Skrå-Kari, men det er det ingen som hugar kvifor i dag.

Share to