• Photo: Per Jahn Lavik (Opphavsrett)
  • Photo: Trond Linge (Opphavsrett)

Kyrkja på Ådland

Stavkyrkje og tømmerkyrkje

Kyrkja på Ådland er nemnd første gong i skriftlege kjelder i 1329. Dette må ha vore ei stavkyrkje, og denne vart avløyst av ei tømmerkyrkje i 1652. Dette årstalet stod over korbogen i «gamlekyrkja». Kyrkjeettersynet i 1686 nemner framleis ei tømmerkyrkje på Ådland, men i 1851 var denne ikkje lenger tenleg, og det vart bygd ei ny.

Nygotisk kyrkje

Dette er ein interessant kyrkjetype som er ulik dei mange «hallkyrkjene» som vart reiste etter midten av 1800-talet. Bygningen er teikna av cand. theol. Andreas Grønning, som også teikna kyrkja i Sveio. Kyrkja har ei litt spesiell basilikaform, med avfasa sideskip som gjev bygningen ei tilnærma åttekanta form. Likevel ser vi at dette er ei av dei tidlege nygotiske kyrkjene, med spissboga vindaugo i skipet. Eit antemensale fra mellomalderkyrkja er i dag på Historisk Museum i Bergen.
 

Share to