• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Dale-Gudbrands Gard

Dale-Gudbrands Gard er Oppland fylkes sin tusenårstad. I dag er det hotell, pilegrimssenter og -herberge, folkemusikkarkiv, utstillingar og kontor for museumsadministrasjonen for Gudbrandsdalsmusea. 

For å få fram noko av denne historia som fins om denne historiske garden, har Oppland fylkeskommune merka kultruminne rundt på området. 
Men du kan og koma innom og lytte på ein av dei 12 ulike lydstiane som er laga om garden og historiene her, av desse er det 4 for ungar.
På stabburet er det utstillingar om utgravingane i Fron i samband med ny E6 og utstilling om korleis den nye vegen skal bli.
St. Olavs vegen Oslo-Nidaros har 5 pilegrimssenter langs leden. Desse har ansvar for samarbeidet om pilegrimsarbeidet. Her på Dale-Gudbrands gard har vi ansvar for leden frå Vingrom/Brøttum i sør til nord-Sel. Vi har også pilegrimsherberge og gardsbutikk (Hanen).
Over den gamle gymsalen er Opplandsarkivet avdeling folkemusikkarkiv for Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu, Øyer, Gausdal og Lillehammer. Her er det samla masse spanande informasjon om folkemusikk, dans og musikarar for området.
Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for dei 9 kommunane i midt- og norddalen, og administrasjonen er lokalisert i den gamle snikkarsalen saman med pilegrimssenteret og gardsbutikken. 
Sjå gjerne innom og ta ein prat om natur- og kulturhistorie i Gudbrandsdalen!

I tillegg til desse aktivitetane er det hotell, pub og gardsbryggeri på garden.

1 comment

  • DETTE ER HUNDORP PÅ SØR FRON IKKE NORD FRON

Share to