• Photo: privat (Opphavsrett)

Skottelåven, eit krigsminne til ettertanke

Fangane i låven

Totalt var det 134 overlevande skottar som vart tekne til fange.  (jfr. rapporten til Statthaldaren i 1612). Kva dei gjorde med alle som var skada eller døydde i Kringom veit ein lite om. Det blir sagt at skottane hadde med seg kvinner, barn, hundar og hestar. Historia fortel lite om kva som eventuelt skjedde med dei, anna enn at det blir fortalt at bøndene skaut hundar. Det skal og ha vore soldatar som unnslapp ved Kringom som det blir fortalt om. Det går ulike historier om Lady Sinclair og hennar skjebne, om ho var med i det heile? Det er ingen kjelder som fortel om nokon av desse knytta til låven på Kvam.

Bøndene marsjerte sørover etter slaget ved Kringom med fangane mellom seg til Kvam og sette dei inn i ei utlyu under Klomstad. Det var ca 20 km dit frå Kringom, dvs. over ½ dagsmarsj.  Om det var planlagt å stoppe på Kvam eller ikkje den kvelden, seier kjeldene lite om. Det er sagt at det vart ein durabeleg fest på Kvam denne kvelden der bøndene feira sigeren.

Dagen etterpå vart fangane tekne ut og avretta ein etter ein – 116 menn. Dei spara 18 av skottane, deriblant tre av leiarane: oberstløytnant Alexander Ramsy/Ramsay, Jacob Mannepange/Moneypenny og kaptein/løytnant sir Herrich Bryssz/Henry Bruce. Ein kaptein Hay er omtala som overlevande og drept i ulike kjelder.

Det er nemnt at låven sto på ein liten gravhaug. Dette kan seinare ha vorte  blanda saman med det som skjedde med låven i 1612. Det blir sagt at dei begrov skottane litt nord for låven, seinare kalla ”Skotthaugen” (Krag). Det blir fortalt at dei fann beinrestar i jorda i samband med jernbaneanlegget (opna til Otta i 1896).

Kvifor denne hardhendte handsaminga av krigsfangar?

Det kan vera fleire årsaker som gjorde at bøndene avretta krigsfangane så brutalt,  m.a.:

I mai 1611 kalla danskekongen ut 800 bønder til grensevakt. Av desse var det mange frå Gudbrandsdalen. Mange av soldatane drog heim att, grunna mangel på mat, drikke – og svak motivasjon, noko som og hadde skjedd før i krigen. Dei norske bøndene likte dårleg å vera ute i krig under danskekongen og med danske hærførarar på framand jord.

I februar 1612 kalla kongen på nytt ut 300 bønder som saman med 4 kompani av tyske leigesoldatar vart stasjonert ved Nya Lödöse, ein by ved Götaelva (som da var under dansk/norsk kontroll). Svenskekongen gjekk til åtak på byen, gjorde ein avtale med dei tyske leigesoldatane om å gje opp byen, og få fritt leide. Men denne avtalen gjaldt ikkje dei norske soldatane, som vart samla i kyrkja i byen og vart brutalt drepne. Denne hendinga spreidde seg fort på folkemunne og kan ha vore kjent blant bondehæren ved Kringom.

Ved Kringom var det bondelensmenn og deira eige folk som kalla inn og hadde kommandoen. Dei følte seg truga av skotske leigesoldatar i sitt eige område. Sjølv om skottane ikkje truga nordmennene direkte, skulle leigesoldatane åt Sverige som var i krig med det dansk/norske riket.

Jfr. den julianske kalendaren var det annan tidfesting, dvs. seinare på hausten enn 26. august:  5. september. Det vil seia at dette var midt i innhøstinga, kornet dei hadde den gong mogna seinare; og kvar arbeidsdag var viktig for gardane. Å føre 134 fangar til Akershus ville ta lang tid, mykje pengar og krevja mange vakter.

Med ein dagsfart på ca. 2,5-3 mil, ville det ta ca. 14 dagar kvar veg med kan hende 50 våpenføre norske menn som vakter. Det var behov for store mengder mat og overnatting på vegen for kan hende 180 personar. Mange av fangane kan ha vore skada, ein veit ikkje kor mange hestar dei hadde att. Dette fortel historia lite om. Bøndene hadde behov for sine eigne hestar i innhaustinga. Korleis bøndene greide å finne vakter og gjennomføre transport av dei overlevande etter Kvam veit vi heller lite om. Her er ei sterkt samanblanding i ettertid av myter og sagn – og skriftlege kjelder som bygger på kvarandre. 

Skottelåven

Skottelåven var ei lafta utlyu under garden Klomstad (i 1612 to-bølt med Nigard og Uppigard). Låven sto i 1612 på flata sør for Kvam sentrum der E6 i dag går, i rett line ned for garden Systugu Uppigard Klomstad.

Låven var ca 10 m lang og ca 4,5 m breid (45 m2 i flate), dvs 1 ½ stokkelengde på langsida og 1 stokkelengde på stuttsida. Det var kvadratskifer på taket på 1900-talet. Det var ei køyrebru opp på nordre langside og inn på låven. Resten av låven var ein stor binge. Under køyringa inne var det ei dør inn i eit lite rom under brua. Mellom den store bingen og det vesle rommet var det ein stor, langstrakt opning der dei henta ut høyet. Det står att ein liknande låve på øversida av E6 litt lenger sør for Vik.

Da jernbana vart bygt gjennom Kvam på sist på 1890-talet, vart skottelåven fløtta litt høgare opp i lia, i rett line oppover frå der han sto i 1612. Det står enda att ein jernpåle der låven sto nede på flata, rett på nordaust-sida mellom jernbana og E6, ved ei parkeringslomme.

I 1940 vart låven skote i brann av tyskarane under dei harde kamphandlingane i april i Kvam. Det vart sett opp eit minnesmerke der skottelåven sto i 1940. Dette vart på 1980-talet fløtta til kyrkja, seinare til Kvam Fredspark. 

Share to