• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Søvik

Tunet skriv seg frå utskiftinga i 1863, men nokre av bygningane er eldre. Dei vart flytta frå det gamle fellestunet til Søvikhaugane etter utskiftinga. Søviktunet gjev eit uvanleg godt bilete av eit gjennomsnittleg leiglendingsbruk frå 1860-70-åra. Mellom anna er det her eit komplett sett med hellerivningsverktøy, for å ta ut takheller i Hellebakkane. Søviktunet er restaurert, og gjev eit godt utgangspunkt for økologisk gardsdrift, miljøundervisning og reiseliv. 

Eldste huset på garden, ei røystove frå mellomalderen, er freda etter kulturminnelova. 

Share to