• Photo: Heidi Rohde Rafto (Opphavsrett)

Vil hjelpa andre som kjem til Noreg

Krig og urolege tider gjorde at me måtte flykte. Me reiste med buss til nabolandet Etiopia Seinare drog me vidare til Noreg.

Den første tanken som fell meg inn om Noreg er at det er eit land der livet er godt, fridom og tryggleik. Eg er glad for at eg kom hit og har fått muligheiter til utdanning og jobb. Eg fekk god hjelp av flyktningkonsulenten i Sogndal, så i dag har eg det bra. Høyr Mohamed fortel om kvardagen sin.

I dag går eg på Sogndal vidaregåande skule og jobbar litt. Eg snakkar ganske bra norsk og bur sentralt i Sogndal i lag med familien min. Planen min er å ta meir utdanning slik at eg kan få ein jobb der eg kan hjelpe menneske som kjem frå Somalia med å integrerast i det norske samfunnet. 
Mohamed sine tankar om framtida.

 

Intervjuet er gjort i samband med prosjektet Mangfaldige arkiv ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Høyr heile intervjuet med Mohamed.
 

Share to