• Photo: http://www.gislink.no (Opphavsrett)
  • Photo: Arkikon.no, Ragnar Orten Lie (Opphavsrett)
  • Photo: Tore Kuløy (Opphavsrett)

Kulisteinen på Kuløy

Denne kopien av Kulisteinen blei reist i 1969, akkurat her, kor ein meiner at originalen har stått tidlegare. Å reise stein som minnesmerke er ein gamal førkristen skikk.

Innskripsjonen

Dessverre manglar toppen av steinen, og vi kjenner difor ikkje heile innskrifta. På steinen kan ein i dag lese:

Tore og Halvard reiste denne steinen etter Ulv...
Tolv vintrar hadde kristendommen vore i Noreg...

 

Datering av Kulisteinen

Steinen er eit av dei tidligaste vitnemåla om kristendommen i Noreg. Det er også første gongen vi kjenner til bruk av namnet Noreg på norsk jord. I 1984 grov arkeologar og fann fundament til det ein trur var ei trebru i myra like nord for Kulisteinen. Brua er datert ved dendro-kronologi (årringdatering) til 1034. Det er tre forslag til datering av Kulisteinen:

1. Det første forslaget knyter Kulisteinen kristningsframstøyten til kong Håkon Adelsteinfostre rundt 950-955, og Kulisteinen er reist tolv år seinare. Det vil seie eingong i 960-åra.
 

2. Det andre forslaget knyter Kulisteinen til kristningsforsøket til kong Olav Trygvason og tinget på Drageidet på Stadlandet i 996 eller 997. På dette tinget skal folk i vestnoreg, ifølgje Snorre, ha akseptert kristendommen. I så fall er Kulisteinen reist rundt 1005 - 1010. Dette er første gong sagaen nemner at ein del av Noreg er kristna.
 

3. Det tredje og siste forslaget går ut på at Kulisteinen viser til Olav Haraldson (Olav den Heilage) og tinget på Moster i Sunnhordland i 1020 - åra, kanskje i 1024. Her skal kristninga av heile Noreg ha blitt fullført. Kulisteinen er i så fall reist i midten av 1030-åra, kan hende samstundes med trebrua som er datert til 1034.
 

Ut frå språket kan mykje tyde på at inskripsjonen er eldre enn 1008 eller 1009. Det er mest sannsynleg at steinen er reist tidleg på 1000-talet.
 

Bruken av bautasteinar

Svært få område der bautasteinar finst er fagleg undersøkt, og ofte er steinane fjerna eller omplassert. I dei få tilfella kor det er gjort utgravingar i nærleiken av bautasteinar, ser desse ut til å ha vore markørar for enkle branngraver frå eldre jernalder. Skriftlige kjelder kan gi oss eit innblikk i kva slags tyding bautasteinane har hatt. Slike kjelder er Snorres Heimskringla og Eddadikta. Når Snorre skriv i den kristne middelalderen om ein førkristen norrøn kultur og religion 200 år tilbake i tid, byr dette på eit kjeldeproblem. Likevel er det grunn til å tru at kjeldane seier noko om funksjonane til bautasteinane. I Håvamåls strofe 72 heiter det:

Son er kjærfengd
etter at faren fór.
Sjeldan bautasteinar
nær brauti stend,
utan frendar fekk reist dei.

 

Ynglinge-saga gir ei anna skildring av bruken av bautasteinar:
Til minne om stormenn skulle folk gjere ein haug, og etter alle slike menn som det hadde vore manns mot i, skulle dei reise bautasteinar (Hkr 9; 18).
De tidlege skriftkjeldene fortel oss at steinane vart reist til minne om døde personar - både langs vegar og på eller ved sidan av graver. Ei undersøking av bautasteinar på Sunnmøre (Knutzen 2004) bekreftar det som står i dei skriftlege kjeldane, då plassering nettopp ved vegar og langs skipsleia er eit gjennomgåande trekk. Dessutan står langt dei fleste bautasteinane i tilknyting til graver eller gravfelt, hovudsakleg frå eldre jernalder, men også frå yngre jernalder.
 

Odels- og eigedomsrett

Gjennomgongen av bautasteinane i Sunnmørsregionen viste at dei kan ha hatt mange funksjonar i tillegg til å markere graver. På same måte som gravhaugane kan bautasteinar ha markert eigedomsrett i forhold til odel ved å knyte band mellom ei slekt og forfedrane.
Enkelte steinar markerer gamle gardsgrenser og representerte kanskje også ei slags åtvaring mot å overtre annan manns territorium. Dette kan ha vore motivet bak å plassere bautasteinar rett ved skipsleia. Markering av odels- og eigedomsrett var samtidig ein måte å demonstrere makt på. Bautasteinane kan også ha vore uttrykk for religion – i førkristen tid ein fruktbarhetsreligion. Kanskje var det berre tilhengjarar av dei norrøne fruktbarheitsgudane Njord eller Frøy som fekk reist bautasteinar på gravene sine?
 

Steiner med runeinnskrift

Av steinar med runeinskripsjon i Skandinavia, syner det seg at dei fleste er frå yngre jernalder, dvs. 750 - 1030 e. Kr. Ein svensk studie viser at dei fleste inskripsjonane kan koplast til odelsrett. Kulisteinen følgjer den formelen inskripsjonar ofte har. Teksten kan lesast som eit arveoppgjer der dei to brørne overtar arven/odelen etter far sin. Ved å reise steinen, reiser dei også kravet på garden. Ettersom ein på 1000 - talet har gått over til ein kristen gravskikk og ikkje lenger brukar synlege gravhaugar nær tunet, kan bautasteinar ha overtatt gravhaugane si rolle som odelsmarkeringar.

Share to