Eg drog frå Kuwait i 1992 og budde i Palestina fram til 2007 då eg kom til Noreg. Høyr Mohammad fortel om barndom og oppvekst i Kuwait.
Først budde eg på mottaket i Tanum i 14 dagar og deretter Nordbråten leir, i Moss, etter det har eg budd i Sogndal. I byrjinga var eg redd då alt var nytt for meg.
Nå deltek eg på eit introduksjonsprogram, kommunen min er Sogndal. Eg går på skulen to dagar i veka og er i praksis. Det er veldig bra å snakka norsk. Eg trur det er veldig bra, sidan eg møter andre og snakkar med dei. Mohammad fortel om arbeid i Noreg
Eg håpar inderleg at familien min blir buande i Noreg for alltid fordi her er det trygt, gode menneske, eit bra land med gode humanitære lover.
Mohammad sine tankar for framtida
Intervjuet er gjort i samband med prosjektet Mangfaldige arkiv ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Høyr heile intervjuet.