Gjermund Halvorsson Eikjarud

Gjermund blei den første ordføraren i Bø, og i stugo på Eikjarud blei det første heradstyremøtet halde.

Han hadde etter kvart alle dei tillitspostane ein kunne ha i ei bygd på den tida.

Gjermund  var også ein dugande bonde. Ein av dei første frukthagane i Bø blei planta på Eikjarud.

Gjermund og kona Guro hadde seks ungar.

Sjølvkjensla til Eikjarudætta var sterk, og dette ga seg m.a. uttrykk i eigen privat gravplass på garden.

Share to