Fleire prosessar
På fargeriet gjekk tøyet gjennom fleire prosessar. Ved stamping vart det gjennombløyt med varmt vatn og elta mellom roterande rullar for at fibrane skulle bli mjuke. Så blei tøyet plassert oppi fargekjelen. Etter tørkinga gjekk tøyet gjennom ei maskin med roterande stålkostar for å skapa ei ru overflate. Denne prosessen vart kalla ”overskjæring”. Dersom kunden skulle ha eit stasplagg, fanst ei maskin som kutta av den øvste delen av den ru overflata og skapte glinsande fibrar i tekstilane sin lengderetning. Faguttrykket for dette var ”bereiing”. Fargeriet på Sandnes skal i ein periode ha vore det einaste i Hordaland som kunne tilby denne tenesta. Til slutt hamna tøyet i pressa for å bli slett og fast. Rasmus tok også imot garn og ferdige tekstilar, til dømes dressar og frakkar, til farging.
Heimeindustri
Verksemda gjekk godt og skapte grunnlag for ei utviding i 1902. Bustadhuset til Rasmus fekk då eit påbygg. Kjellaren i påbygget vart nytta til fargeri, medan ein brukte loftet til tørking av tekstilane. Ei dampmaskin, innkjøpt i 1904, gjorde produksjonen lettare. Fargeriet på Sandnes hadde kundar frå Sognesjøen i nord til Stord i sør. Magnus Kvamsdal, son til Rasmus, overtok bedrifta i 1933. Han hadde då bak seg eit studieopphald i Tyskland for å læra faget. Utsiktene for fargeriet var likevel ikkje lyse. Folk slutta etter kvart å veva vadmål, kvitlar og anna i heimane. I staden leverte dei ulla til ullvarefabrikkane mot betaling og kjøpte det dei trong av tekstilar.
Museum
I 1954 vart Kvamsdals Fargeri nedlagt. Her kom ikkje anna næringsaktivitet og maskinene blei ståande. Dette har skapt grunnlag for at fargeriet med den karakteristiske teglsteinspipa no fungerer som museum. Det er laga ein dokumentasjonsvideo om historia til verksemda.