• Photo: øyvind H. Vestad (Opphavsrett)
  • Photo: Øyvind H. Vestad (Opphavsrett)
  • Photo: Øyvind H. Vestad (Opphavsrett)
  • Photo: Øyvind H. Vestad (Opphavsrett)

Grindverkstav i Frænafjorden

Flytande kulturminne kan vare meir enn båtar og farty. For dei som likar å ferdast i fjøremålet kan ein komme over mykje spanande drivgods: grindverkstav.

Grindverk er eit byggesystem vi finn på heile vestlandet. I romsdal finst det i ulike overgangsformer. Ei grind består av to stavar ein bete/samhald og skråband. Det er ulike måtar å felle desse delane ihop på. Denne staven har ei djup klauv med små oppstikkande stavøyre. Stavøyrane har som funksjon å halde raftleia på plass. På staven var både litt av bete, skråbandet og raftleia med, så dette er eit godt dokument for å vise kva måte dei hogg ihop konstuksjonen på. Fellingane er gjort på ein elegant måte som vitnar om ein trygg byggetradisjon. Denne staven kjem nok frå eit naust som vart reve for å gje plass til vegutbygginga Aureosen-Hoem.

Share to