• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Helgaberget

Jordbruksristningar

Helleristningane på Helgaberget høyrer til bonden sin kulturkrins og er av det slaget vi kallar jordbruksristningar. Det er ringfigurar og skålgroper som dominerer på bergflata på Helgaberget. Her finst ikkje skipsfigurar, som elles er så vanlege på jordbruksristningar i Hordaland, også i Etne. Heller ikkje finst her teikningar av fotsolar, menneske eller dyr. Kva årsakene til slike skilnader i val av motiv måtte vera, har vi ingen sikker kunnskap om.

Skålgroper og ringfigurar

På Helgaberget er det skålgropene som dominerer: runde, små skål- eller gryteforma groper, frå 3-4 til 10 cm i tverrmål. Minst 270 stykke er påviste til no. I tillegg kjem somme som tykkjest høyra til ringfigursymbol.

Her er 23 ringfigurar av ymse slag. Somme av dei har eiker som i eit hjul, andre er hogne som fleire konsentriske sirklar inni kvarandre, med ei skålgrop i midten. Her er også kring 20 ovale eller U-forma figurar.

Rikt funnområde

Helgaberget ligg midt inne i eit uvanleg rikt funnmiljø frå bronsealderen, etter vestnorsk målestokk. Her har vore fleire gravhaugar, og nokre få hundre meter nordaust for ristningane vart ein kostesam bronsehalsring funnen.

Sjå artikkelen «Gudinna med halsringen».

Share to