Bjørnstjerne bjørnson 17. mai

17. maifeiring i Oslo

17. mai er Noregs nasjonaldag og dagen har vorte feira samanhengande sidan midten av 1820-tallet, men innhaldet i feiringa har variert.

Ein folkefest

I dag kjenner vi feiringa som ein diger folkefest der rammene kring feiringa er flaggpryda gatar, hornmusikk, bunadskledde folk og parader med dei leikne ungane som vil ha enda meir is og pølse. Men i lange periodar har 17. mai vore ein politisk kampdag.

Politisk kampdag

I 1820- og 1830-årene var feiringa prega av rivningar mellom det norske Stortinget og unionskongen Carl Johan. Mot slutten av 1800-tallet var dagen prega av kampen for parlamentarismen om motviljen mot den svensk-norske unionen (1814-1905). Frå slutten av 1800-talet og fram til 1930-åra markerte arbeidarrørsla sine kampsaker denne dagen. Avdukinga av Wergelandstatuen i 1881 I 1881 vart Wergelandstatuen avduka i Studenterlunden i Kristiania og det var Bjørnstjerne Bjørnson som sto for avdukinga. Dette vakte protestar og splid. Det var i 1881 klåre motsetningar mellom høgresida og venstresida i norsk politikk. Bjørnstjerne Bjørnson var "17. maikongen" og (etter eiga oppfatning) etterfølgjaren etter Henrik Wergeland. Bjørnson var òg ein talsmann for venstresida i norsk politikk. Valet av Bjørnstjerne Bjørnson som talar dette året var altså omstridt, og dei konservative var misnøgde. Dei heldt seg borte frå feiringa! Striden var så innbitt at ikkje eingong avisene kunne bli einige om korleis veret hadde vore under avdukinga. Avisene brukte "politisk meterologi" som eit retorisk grep for å fremje partiet sin ståstad i kampen. Morgenbladet, som var dei konservative si avis, skreiv at ved "Middagstid trak det op, og jo mere selve Afsløringen nærmede sig, desto mørkere saa det ud", men etter at "Afsløringen var forbi klarnede det op". Venstreavisa "Dagbladet" hevda på si side at veret var "særdeles gunstit" under hele arrangementet, "naar undtages at det blærste lidt".

Share to