• Photo: Knud Knudsen. (Opphavsrett)

Grindløa på Nipo

Løa, som måler heile 20 x 8 meter, vart vesentleg ombygd kring 1900 og skriv seg såleis frå ulike tidsperiodar. Ho blei brukt som forsamlingslokale i samband med Indremisjonen sine pinsestemner på Romarheim på 1900-talet, som samla hundrevis av deltakarar. Kven som stod bak bygginga, og kvar tømmeret kom frå, veit ein ikkje. Grindkonstruksjonen med den høge alderen kan opphavleg ha blitt sett opp på Romarheim, men det er også tenkjeleg at han er blitt flytta hit på eit seinare tidspunkt.

Share to