• Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)

Solglytt 1909 : VÆNLEIK

Kven av dei unge gutar og gjentor er det som ikkje vil vera væne?

Me vil visst alle vera væne.

                     VÆNLEIK


Kven av dei unge gutar og gjentor er det som ikkje vil vera væne? Me vil visst alle vera væne. Mange er dei ting som brukast for aa faa fram vænleik , og sume hev svert mykje, ja altfor mykje umsut for det.

Skal me vera verkelg væne er det ikkje nok med at me stend framfor spegelen og undrar oss yver kor væne me er. Nei, andre maa tykkja det um oss.
Korleis skal me daa fara aat for at folk skal tykkja me er væne?
Hev du ikkje lagt merke til at den som er rekti snild og god mot deg, den tykkjer du er væn.


Ungdomar, lat oss öva oss i dessa dygder!


Föra eit reint, pent liv og syna kjærleik til alle menneskje, helst dei smaa og undertrykte.
Folk som kjenner deg vil daa tykkja at du er væn um du er alldri so grimm og stygg.


Kjærleiken löyner mange lyte veit me.


                                                 Grimm

 

 Bladstyrar : Gunnar Fitje

 

 

Ortnevik Ungdomslag vart skipa i 1904, og lagsavisa Solglytt har eksistert sidan 1909.
Talrike skribentar og redaktørar har forma innhaldet i dei handskrivne bøkene.
Ironi eller djupt alvor – tolkar vi tekstene rett?

Share to