• Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Osøyro

Strandstaden Os tek form midt på 1800-talet. Då byrjar handverkarar og handelsmenn å slå seg ned på øyra ved elveosen.

Rask vekst

Den reisande som kom med den nyskipa Osbanen til Os i 1895, møtte eit bygdesentrum i rask vekst. Hundre år tidlegare låg det berre ei lita strandsitjarstove nede ved elveosen, i tillegg til nausta til gardane Ulven, Kuven, Skogen og Tøsdal. Det er båtbygginga i desse nausta i elveosen som har gjeve oselvaren namn. Øyra ved elveosen, danna av mange hundreårs avsetjingar av lausmassar frå elva, høyrde delvis til prestegarden, delvis til grannegarden Moberg.

Ekserserplass

Sjølve namnet "Osøren" finn vi ikkje brukt før i 1760. Kyrkjestaden voks litt etter litt til ein liten tettstad, med handverkarar, handelsmenn og skysstasjon. Ein viktig funksjon som vart lagd til kyrkjebakken, her som mange andre stader, var militær eksersis. Kring 1870 ser vi Osøyro som eit byrjande bygdesenter: eksersisplassen, med kvite telt og telthuset ved enden av p1assen.

Share to