• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Livet i røykstovene

Røykstova var det einaste huset som vart oppvarma på garden om vinteren. I årestova sat folk kring den opne elden, som vart nytta til lys, til oppvarming og til å koka mat. Her benka dei seg rundt langbordet ved måltida. I gammal tid sov folk på moldbenker langs veggene. Det var breie benker som var fylte med tørr mold eller sand. 

Til å hengja kjelen over åren nytta dei ein «galge» som var festa til veggen; ei såkalla sveiv eller gøye. I andre stover hadde dei ein fast stokk over åren, ein randås, til same bruk. På åren hadde dei eld det meste av døgeret, medan røykomnen vart fyrt opp kvar kveld og morgon og fungerte som eit varmemagasin. 

Share to