• Photo: Siv Nytrøen Leden (Opphavsrett)
  • Photo: Tore Bjørgo (Opphavsrett)

Ullensvang kyrkje

Vakkert prydd innvendig

Tidlegare har det stått anten ei stavkyrkje eller ei mindre steinkyrkje her. Opphavleg var skipet kortare og utan tårn. Ved ei «restaurering» i 1883-84, leidd av domkyrkjearkitekt Chr. Christie, vart skipet lengd med 5,5 meter og det vart bygt til eit vesttårn. Den gamle vestportalen vart flytta ut i den nye tårnfoten. På kyrkjeloftet ligg veggtiler som viser at kyrkja må ha vore vakkert prydd innvendig kring midten av 1600-talet.
 

Gravsteinar frå mellomalder

Fleire gravsteinar, nokre frå mellomalderen, er reiste mot veggmuren ved det nordre sakristiet. To av dei har innskrifter som kan lesast. På den eine står det: «HER: HVILIR: SIRA: OGMVDR: KÀRA: SON: HR: HANS: ÀRTID: VII: NATO: EPTIR: FESTVMAT: BIDIR: F: HANOM». (Her kviler Sira Ogmund Kåreson. Hans årtid (dødsdag) er 7 netter etter Matthias festdag (21. september). Be for han.).

På den andre står det: «HER: HVILRIR: HERRA: SYGYRDR: ER: VAR: GULA: TINGS: LO: MADR: SONBRYNIOLFS: A: AGA: HANS: ÀRTID: ER: PRIM: NOTTOM: FIRIR: MICHALMESSO». (Her kviler herr Sigurd som var gulatingslagmann, son av Brynjulf på Aga. Hans årtid 3 netter før mikkelsmesse (29. september)).
 

Share to