• Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Teikna av Svein Skauge (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)

Austrheim kommune

Eit øyriket

Dette spreidde øyområdet, med over 500 store og små øyar, er eit gammalt kulturområde og eitt av dei finaste sjøbruksområde og kystmiljø i fylket. I Øyane har båten vore livsnødvendig gjennom mange tusen år; heilt frå steinalderfolket ferdast her i sine skinnbåtar og fram til dei smekre betongbruene som spenner over straumane: Bakkastraumen, Kjelstraumen og Fosnstraumen.

Frå naturalhushald til oljealder

Frå Snekkeviki kan du vandra ein innholdsrik kulturstig fram til det fine vesle kvernhusanlegget i Hoplandsmarka - eit nærbilete av naturalhushaldets energiforsyning. Og med den i tankane har du det rette perspektivet for å sjå Mongstad-anlegget, like innanfor grensa til Lindås.

Heilt nord på Lindåslandet smalnar landskapet av i eit smalt nes: Vardetangen. Dette er fastlandsnoregs vestlegaste punkt.

Stadnamn

Austrheim tyder beintfram «heimen i aust». Truleg har ein eldre gard «Vestrheim» gått inn i Austrheim. Førland inneheld gno. fyri «stad der det veks furu». Namn på Kross- kan ha ulike opphav, m.a. etter form og etter oppsette krossar. Førsteleddet i Kjelstraumen, skrive Keilustraumr i gno. tyder «smalt sund, renne». Hopland er usikkert, namnet finst òg i Meland. Sisteleddet i Rongevær tyder «opphaldsstad». Njøti, ofte skrive Njøten, heng saman med gno. njóta «nyta, ha godt av» og er i slekt med Nøtterøy i Vestfold. Mastrevik (Mastrevikane) fortel kanskje om at dei har skipa ut skipsmaster her. Fonnes er usikkert, det er tolka både som «framneset» og som «ferjestadneset».

Share to